Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023
Ved å smake vin frå fleire vinmarker frå eit lite geografisk område, kan ein etter kvart byrje å danne seg eit bilete av noko av det som er særskild med desse terroira og området. Og for å gjere denne øvinga så systematisk som mogleg, er det interessant å utelukke flest mogleg variablar. Eg hadde eit par vinar liggjande som eg var nyfiken på, og så … Les meir Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023
Ei flaske, HM Lang This is not a Love Song Riesling 2020
Dette er ein vin av høg kvalitet, men det er ikkje sikkert du kjem til å like han. Eg var svært forventningsfull før eg opna denne flaska, men samtidig litt nervøs. Det var sprikande meldingar, og det kunne sjå ut som dette var noko litt eksperimentelle greier. Det er det. Dette er ingen vin å ta med på fyrste date. Ikkje på stevnemøte i det … Les meir Ei flaske, HM Lang This is not a Love Song Riesling 2020
Brasiliansk Merlot
-Velkommen tilbake, Jan Tore. Sidan sist terapitime skulle du øve på å ikkje kjøpe naturvin til 500 kroner. Korleis har det gått?
-KJEMPEFINT!
-Når du er så entusiastisk så veit eg du skjuler noko. Kva har du kjøpt? Bianchetta Trevigiana?
-Eg har kjøpt Merlot.
-Ikkje verst. Tradisjonell drue og greier.
-Til 750 kroner.
-Jojo. Det kostar vel såpass for ein god Bordeaux.
-Frå Brasil…
-…
-…
Doing Your Mumm
Med tradisjonar attende til 1827, 15 år i partnerskap med Formel 1, og raudt band som hommage til Æreslegionen på både flaske og i namnet, så skulle jo alt leggja til rette for ein omtykt og distingvert veteran i vinverda. I staden overhøyrer eg vinen forakteleg omtalt i same andedrag som Blue Nun. Det har neppe hjelpt særpreget å produsera 8 millionar flasker årleg, ei heller å vera eigd av Pernod Ricard – alkoholverdas svar på Unilever. Kan det verkeleg stå så ille til?
Les meir «Doing Your Mumm»
Nye Spania og Godello
Godello er en drue jeg har notert meg bak øret mange ganger. Det er viner som har dukket opp på smakinger, eller som jeg har kjøpt på restaurant etter en anbefaling fra sommelieren. Svært sjeldent har jeg blitt skuffet, og oftere enn forventet har jeg blitt imponert. Vinene fremstår ofte både intense, med fin fylde, og har en matvennlig karakter med god syre, og en … Les meir Nye Spania og Godello
Storbyferie?
Bølgjande grøne landskap, ein dal med vinstokkar oppetter sidene, ei slyngande sakte elv i botnen. Her og der ei koseleg husklynge, på beitemarkene går det kyr. Mjølka vert sikkert ein lokal ost med eit vanskeleg namn. Ja slik ser vi for oss eit typisk vindistrikt. Dei geografiske og klimatiske tilhøva som gjer at vinplanten trivst og gjer topp vin, er ikkje alltid samanfallande med store … Les meir Storbyferie?
Grape Republic

Japansk vin har blitt litt mindre eksotisk dei siste åra. Stadeigne Koshu har fått sine norske fans, og innimellom dukkar det opp Bordeaux-inspirerte raude. No er det tydeligvis tid for japansk naturvin representert av nykommaren Grape Republic – starta i 2017 – og pådrivar for å utvida druedyrkinga rundt Nanyo, 4 timars kjøretur nord for Tokyo.
Les meir «Grape Republic»
Franken silvaner
Om du skulle velje deg tysk vin frå ei anna kvitvinsdrue enn riesling, kva hadde du gått for? Kerner? Bacchus eller müller-thurgau? Nei, ikkje akkurat. Kanskje weissburgunder, men eg trur nok at eg hadde landa på silvaner. Ho er ikkje like brukarvenleg eller så sexy som riesling, men det er mogleg å lage solid vin med spanande kvalitetar. Det er iallefall ein slags konklusjon etter … Les meir Franken silvaner
High tech/low tech i Roter Hang
Johannes Hasselbach er sjette generasjon som dyrkar druer i Roter Hang, men han ser ikkje veldig lyst på framtida. Vil det vere mogleg i seks generasjonar til? Han er sertifisert økologisk sidan 2022, og arbeider med ein del biodynamisk metodar. Men han seier i ein nettprat med underteikna at om det kjem ein årgang til som 2024, vil han vurderer å trekke seg frå øko-sertifiseringa. … Les meir High tech/low tech i Roter Hang
Blanc de Rosé?
Ting går ikkje alltid som tenkt. I den kalde 2009-vinteren stoppa fermenteringa i det som skulle bli årgangens Xinomavro-rosé, og den halvgjæra vinen vart etterlatt på botnfallet i seks år. I 2015 tilsette Thymiopoulos litt nyplukka Malagousia for å restarta fermenteringa og helte miksen i eikefat. Etter fem nye år vart resultatet flaska i 2020, og i 2024 lagt ut for sal som ein slags oransje kvitvin.

Kvit Priorat
Røft og ulendt terreng med forkastingar som ser ut som stivna bølgjer gjer det ikkje enkelt å driva landbruk i Priorat, likevel produserte dei mykje vin – i alle fall fram til phylloxera åt opp det meste, og det vart tryggare å satsa på oliven og nøtter. Likevel – eller kanskje nettopp derfor – produserer dei få som er igjen omtykte vinar, nærast på trass. Mest kjend for raude vinar – berre knappe 15 % av produksjonen er kvitvin. Likevel er dei kvite godt representert i bestillingsutvalet, og ved førre slepp slapp ei flaske inn i basis, og vart tilgjengeleg sjølv på vetlepolet mitt…
Les meir «Kvit Priorat»
Alt-claret II
«Fy fader, Bordeaux er så j********lig ute å kjøre!» Om lag slik kunne eg ha starta ein Tik Tok-video, eller ein 1 og ein halv times lang podkast, viss eg var ein slik 21-åring fra austlandet med høg sjølvtillit og låg impulskontroll. Eg veit ikkje om det finst 21-åringar som har høyrd om(eller smakt) vin frå dei drenerte grusbankane innanfor Biscayabukta. I alle høve vert … Les meir Alt-claret II
Champagne Camp Love
Ny musikar med vinportefølje – denne gongen medbrakt WSET 2 og to restaurantar i skjeftet. Fredrik Saroea er mest kjend som frontfigur i Datarock, men har også vore med å starta restaurantane Lysverket og Hoggorm i Bergen. I samarbeid med NonDos lanserer han to musserande frå Fleury, dei biodynamiske pionerane i Champagne, samt etikettdesign frå Sissel Blystad og Magnus Voll Mathiassen.

Ti år skilnad, ein kveld i lag: L. Michel Butteaux VV
Ja, så var det tid for å grave fram noko fra kjellaren. Louis Michel har vore ein stabil produsent frå Chablis, og prisane har ikkje stige like raskt og høgt som hjå ein del andre produsentar. Men det er klart, når no 1. cru frå Chablis ligg på 340 til 999 kr, om vi ser bort frå Raveneau, så vil det nok vere fleire som … Les meir Ti år skilnad, ein kveld i lag: L. Michel Butteaux VV
