Serol Turbullent NV

Åtvaring: På ein sluddfylt dag hjelper rosa posør-bobler frå Roanne berre litt på sumarlengselen… Knapt halvannan time frå meir berømte Beaujolais lagar dei også vin av gamay, men får på langt nær same merksemd. Côte Roannaise i Loire fekk AOC så seint som i 1994. Eit område på veg opp, sjølv om 90 prosent av produksjonen går til heimemarknaden. Vinen vi skal sjå på er … Fortsett Serol Turbullent NV

Tidsmaskin i flaskeform

Nokre vinar har eigenskapen at dei kan verte utruleg gamle, men likevel halde seg vitale. Gamle flasker er små tidsmaskiner som har teke vare på gjæra druesaft frå eit år som for lengst er forbi. Men druene som vart til vin er levande materiale, og vi byrjar å leite i vår eigen hukommelse etter hendingar og opplevingar frå dette året. Om vi i det heile … Fortsett Tidsmaskin i flaskeform

Vin & vinyl

Ch Musar 2004  Igjen skal de bo i hans skygge, de skal dyrke korn og blomstre som vinstokken. Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8) Cabernet Sauvignon 34%, Carignan 33%, Cinsault 33% Raudt epleskrell, lakris, Petterøes 3, skinnjakke, mahogni, tørka frukt, kompleks, Musar-aktig snute. Smakar modne plommer og julekrydder og te, litt veikt midtparti, saknar konsentrasjon; lang og syrleg avslutning med mykje … Fortsett Vin & vinyl

Vin & vinyl

Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om? Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist  perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er … Fortsett Vin & vinyl

Kvinne + vin = sant

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Er det behov for å gå i tog med parolar om fleire kvinnelege vinmakarar? Kanskje? Det finst nok både område, kulturar og familiar der jentene kjem i andre rekkje. Sønene får ta over roret når dei vert vaksne, døtrene får kanskje ein kontor- eller salsjobb. Det finst svært mange kvinner som lagar vin i dag, og … Fortsett Kvinne + vin = sant

Feinherb?

  «Det fantastiske med Riesling er alle stilartane. Problemet med Riesling er alle stilartane.» Dette står som overskrift i vinkartet til den populære restauranten Heart i New York. Slik kan vin på denne druesorten også oppsummerast. Riesling kan, spesielt i Tyskland, vere svært så mangearta. Det kan vere vin laga på knapt mogne druer, med høg syre, balanserande restsukker og låg alkohol. Det kan vere heilt tørr … Fortsett Feinherb?