GjerDetSjølv: Currypasta

Å gjenskapa eksotiske oppskrifter heime kan vera krevjande. Å få tak i til dømes galangal kan vera ei utfordring i seg sjølv, men i autentisk balinesisk mat er det to typer av denne, to typer lime, ein slags søt pepperaktig plante som heiter kalmus på norsk, balsam(!) og ei bitter nøtt som berre veks der og på Hawaii…

Med utgangspunkt i ein krydderpasta frå chef Lonny Gerungan – brutalt bastardisert – tar vi rennefart gjennom det søraust-asiatiske kjøkkenet, men be warned, har du først lagd denne så kjem du aldri meir til å kjøpa currypasta på glas igjen. (Har du ein asiabutikk i nabolaget skal det vera greit å få tak i ingrediensane. Om ikkje så kan galangal erstattast med ingefær og rekepasta med litt fiskesaus.)

2 ss korianderfrø
1 ss spisskummin
2 ss svart pepar
1 ss kvit pepar
3 nellikspikar
1 stjerneanis
1 ts fennikelfrø
5 grønne kardemommefrø
1 kanelstang

Rist i tørr steikepanne til det luktar så godt at tærne dine krøller seg.

Bland med 2 ss salt og litt muskat. Ha (litt etter litt) i morter og knus til pulver.

Bland i food processor med grovhakka

1 stort stykke galangal (ev. ingefær)
2 sitrongras (Den kvite greia i tjukkaste enden, ikkje det grøne)
8 små sjalottløk
8 fedd kvitløk
8 små chili
2 ts rekepasta (ev fiskesaus (ev sløyf heile greia))
Nøytral olje – nok til at du får ei smooth blanding.

Ha på steriliserte glas – heldt seg i månadsvis

 

Foto: Jan Tore Skråmestø
Bland til dømes i farse til fiskekaker

En kommentar om “GjerDetSjølv: Currypasta

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s