Vin & vinyl

VIN:

2012 Georg Mosbacher Forster Pechstein Riesling Großes Gewächs

Syrefreaks, unite!
Epler, sitrus og stein på snute, litt innestengt rett frå nyopna flaske, men det skal ikkje mykje luft til for å få fram fine og reine duftar.

Syre som skreller emaljen av tenna dine. Sitron, pasjonsfrukt og ananas, lett tropisk. Intens, men samstundes balansert avslutning.

Hyperdekantering i 30 sekunder endrar ikkje opplevd opplevelse av vinen. Personleg syns eg vinen er kjempekul, men du skal ha sans for lav ph for å like dette…

VINYL:

Dalbello – Whomanfoursays

Heldigvis finns dei meir spanande ting i Canada enn oljesand, Bryan Adams og Rush.
Lisa Dalbello laug kanskje om alderen sin då ho var tretten og kom seg inn i musikkbransjen, berre for å bli dumpa av David Foster (er det framleis nokon som hugsar Winter Games?) sin label etter nokre plater i tenåra. Cue Mick Ronson (ein Spider From Mars med David Bowie, så vel som samarbeidspartnar med Van Morrison og Bob Dylan) som såg talentet til Dalbello og ønska å hjelpa henne med karriera.

Saman hade dei tilgang på verdas mest avanserte elektronikk, men ikkje korleis dei kunne bruka han – sjølv med Synclavier tilgjengeleg endte dei opp med lydane frå fabrikken i staden for å sample sjølv… Resultatet? I alle fall starta ho ei ny karriere som vaksen artist med sterke synspunkt om kjærleik, mislukka kjærleik, katastrofalt mislukka kjærleik og feminisme. Produksjonen har overlevd 80-talet i eit slags minimalistisk perspektiv saman med den ultimate stalker-songen «Gonna Get Close To you.» Intensiteten i songane hennar ga eit signal om kva som var i vente…

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s