Leitz Rüdesheimer Berg Rottland Riesling 2010

VIN:

Leitz Rüdesheimer Berg Rottland Riesling 2010

Intens ananas på snute frå nyopna flaske. Etter ein time på karaffel: Moden frukt, blomster, lett tropisk preg, litt lime, ørlite flint/røyk, duft som trigger spyttkjertlene..

Kraftpakke. Gule epler, tropisk nektar; kraftig, konsentrert, varmt preg – intens… Litt bitre urter mot slutten, evigvarande syre.

Eg syns anslaget vart litt for (over)modent, men resten av smakskurven var berre herleg. Riesling med rennefart!

VINYL:

Kamasi Washington – The Epic

Don’t believe the hype: Det er IKKJE ei revolusjonerande plate. Believe the hype: Det er likevel ei fantastisk plate!

Å leggja strykeorkester og kor på musikken din, for så å kalla debutplata di The Epic krev sjølvtillit ein må til Los Angeles for å fatte. Uansett: Kamasi Washington, undergrunnstalent og støttespelar for Gerald Wilson og Harvey Mason, men ikkje minst Kendrick Lamar.  Sjølv om Washington er ein veteran i miljøet rundt seg, så er dette likevel hans moderne Draumkvedet, der gjentatte draumar har skapt ideen om ei heilhetleg utgjeving.  Det du høyrer startar som ein hyllest til McCoy Tyner, men tar etterkvart opp i seg dj-kultur og jazzhistorie frå A til Å. Ei plate som eigentleg er berre ei kompisinnspeling som skjedde på rett tid.

Musikalsk er Kamasi Washington tydeleg inspirert av John Coltrane, men har ein mykje meir skitten tone i hornet sitt – nærare Albert Ayler og Pharoah Sanders.

Musikk for dei som ikkje trur dei likar jazz. Musikk for dei som trur dei likar jazz. Musikk som – greit – 177 minutter med jazz som drar deg gjennom alt frå John Coltrane til slick LA Funk – og som får deg til å nyta kvart sekund.

Leave a Reply