Vin & Vinyl

VIN:

Gauby Vieilles Vignes Rouge 2011

Gérard Gauby køyrer eit biodynamisk regime med spontangjæring og minst mogleg påverknad etter at druene er hausta; vinen skal smaka av staden han vart dyrka – ryktet seier at dersom det blir funne nytteinsekt i live i innhaustinga, så blir dei frakta ut igjen omtrent til staden dei vart funne…

Brutal duft frå nydekantert flaske: Kjøt, fjøs, krekling, tyttebær. Etter ein time på karaffel strammar vinen seg opp med hengt vilt, mørke bær, tobakk, plommer og raudt epleskrell. Vinen endrar karakter heile tida, men epleskrellet heng på undervegs…

Saftig og rein smak, plommer, kaffi, sjokolade, varm sødme. Endrar seg over tid; blokkebær, tyttebær, blomster, antydning til rosmarin, lakris og einebær…

Veldig rein og strukturert naturvin utan det «vanlege» sursøte preget, men som likevel ikkje kan måla seg med La Roque frå samme produsent i kompleksitet. Ufiltrert og grumsete – varsam dekantering er anbefalt.

VINYL:

They Might Be Giants – Flood

Sloppe januar 1990 og fortel antakeleg noko om nittitalet – eller kanskje ikkje – John Linnell og John Flansburgh i TMBG har med 18 album og snart 35 års eksistens selt over 4 millioner plater. Ikkje verst for ein postcoolnerderockduo med meir appell hjå dei som heller ville sitta heime og lesa ei bok ein laurdagskveld enn dei som ville gå ut. Ein duo som fann formelen for korleis skriva ein perfekt poplåt for så å øydeleggja han ein stad undervegs…

Linnell: Some records that come out today only have ten songs, or less.

Flansburgh: This makes us angry.

Linnell: But instead of cursing the darkness, John and I have decided to do something about it. We’ve put out a record with nineteen songs on it.

Flansburgh: And that’s why our record is better.

Flood markete overgongen for They Might Be Giants frå bydelsband i New York til -om ikkje superstjerner – så i alle fall eit sjølvgåande band som etterkvart starta samarbeid med Warner (google: tiny tunes tmbg) og seinare – av alle ting – ga ut barneplater på Disney Records. Skilnaden mellom barne- og vaksenkonsertar er ikkje veldig stor på scena – stort sett er det antal banneord som skiller dei…
Ei plate som gjekk til topps på alle collegeradiostasjonar og etablerte myten om TMBG som eit nerderockband ein gong for alle – der songar om vitenskap, teknologi og infantilisme kolliderer med knuste hjarter… Om Flood er tittelen så kunne Overflod vore vel så passande –  gladrock, folk, manisk new-wave og retropop godt fordelt gjennom nitten spor tåler godt 25 år med modning….

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s