Vin og Vinyl

VIN:

Chateau Musar 2008

I know, I know; dette er underage drinking, men når årgangen kom i hus vart det for freistande å opna ei av flaskene…

Frå nytrekt kork er musarpreget til stades: Sviske, epleskrell, plommer, frisk petterøes 3 og litt trelist. Etterkvart skinnjakke, kaffi, mandel og nellik på snute.
Frisk smak, rips, plommer, litt vandig, avslutter med mørk sjokolade og fin rispssyre.
Eg opplever 2008 som hakket kvassare enn året før, men begge er årganger som kjem til å ha eit langt liv framfor seg. Oppdatering i 2026…

P1010596

VINYL:

Tom Waits – Rain Dogs

Ok, Tom, det er 1985 – du har bytta ut piano og gitar med sekkepipe og marimba på Swordfishtrombones i 1983 – men kva no? Skal du ta endeleg farvel til singer-songwriterlivet og gå inn Harry Partch-land, eller sjå bakover til det som sat i gong karriera di?

And the things you can’t remember tell the things you can’t forget,
that history puts a saint in every dream.

Ny bris: Flytt frå Los Angeles til New York. Få med deg gitarist og menneskerettsaktivist Marc Ribot. Få med deg Keith Richards(!). Få med deg Kathleen Brennan* (som du også er gift med).

*kreditert som produsent og låtskrivar i katalogen til den «moderne» Waits -kjend for å hata merksemd –  og antakeleg like betydningsfull som kven som helst av Lennon/McCartney i tilsvarande samarbeid. Eg blir ikkje forundra om historia vil visa at ho står bak formuleringar som i dag vert rekna som typisk Tom Waits…
Frå hestens munn: «She writes lyrics that are like dreams. And she puts the heart into all things. She’s my true love. There’s no one I trust more with music, or life. And she’s got great rhythm, and finds melodies that are so intriguing and strange. Most of the significant changes I went through musically and as a person began when we met. She’s the person by which I measure all others. She’s who you want with you in a foxhole. She doesn’t like the limelight, but she is an incandescent presence on everything we work on together.»

Første del av Rain Dogs framstår som ein konspirasjon mellom Kurt Weill og  Howlin’ Wolf, med Bertholt Brecht sjalu luskande i kulissane. Uncle Vernon i Cemetery Polka er jamt over meir eksentrisk enn komponisten sjølv og gjev perspektiv neste gong du baksnakkar nokon i det neste slektsstevnet. Etterkvart skiftar plata gir til tex-mex-swing-rumba, dikt og jazz-prehipsterstyle, samt gitarvoodoo frå Keith Richards, men plata har likevel plass til ein av dei tristaste og finaste kjærleikssongane i Hang Down Your Head. Og enno er ikkje balladen Time nevnt…
Var det noko ikkje eingong Waits kunne sabotera så var det Downtown Train – ‘the greatest song Bruce Springsteen never wrote’ (New Musical Express) – etterkvart ein kjempehit med Rod Stewart sin versjon. Forøvrig er tog i overkant godt representert på plata. Jernbaner får deg inn i trøbbel, vekk frå trøbbel, forsvinn i det fjerne til liks med tapte minner, gjev deg eit kjapt glimt av noko vesentleg medan du passerer, osb…

Let me fall out of the window with confetti in my hair

Såh: I klassisk Tom Waits-land er omverda ein stad med super kritikk, men lusent sal. På tross av  Rolling Stone: Songwriter of the year and (og retrospektivt) The 500 records of all time (mellom  ZZ Top & The Temtaptions), har Tom Waits alltid vore større i Europa enn USA.
Vimsete album til tross – eller kanskje nettopp derfor: plata lét framleis friskt; frå berlinoperetter avløyst av Merle Haggard-country, frå 50- tals politiseriar til gravferd i New Orleans.

Sing me a rainbow
Steal me a dream

P1010593

(Kjelder: Patrick Humphries – The many lives of Tom Waits; Jay S Jacobs – Wild Years)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s