(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett

One Dim Sum
No.15 Playing Field Road, Kowloon
Hong Kong
(Vitja i oktober 2014)

Førestill deg ein restaurant i Michelinguiden  der bordbestillinga består i at du sit deg på ein krakk utanfor restauranten og ei søt jente kjem ut med ein handskriven kølapp til deg, der det er forventa at du har med eigne serviettar, der drikkemenyen er to typar te (og ho som heller i gjerne veltar koppen i fanget på deg), og som lar deg sjølv velta stappmett ut med eit smil etter ein intens time. For under 100 kroner kan ein oppleva dette på One Dim Sum.

(Dim sum er kantonesiske småretter, ofte pakka inn i deig og fritert eller dampa i bambuskorger. Inni er det grønsaker, kjøt eller skaldyr.)
Byens beste Dim Sum - køen byrja ein haltime før opningstid.
 Eg kom ein halvtime før opningstid og fann meg ein krakk som ca nummer 10 i køen. Etterkvart som opningstida nærma seg, vart halen med folk bak meg lenger og lenger. Lokalet har ca 20 sitjeplassar, interiøret er meir spartansk enn minimalistisk og prosedyren er å setja kryss på ei liste ved dei rettane du har lyst på. Heldigvis er det ei liten bok med bilete og engelsk tekst, pluss 19 høgrøysta kinesarar i lokalet som har synspunkt på kva ein skal velje.
Kinesisk tapas
Eg blir nøda på å bestilla meir av borddamene mine sidan rettane er så små, men oppdager fort at mange små retter akkumulerer fort uansett kor godt det er. Dette hindrer likevel ikkje nevnte borddamer i å insistera på at eg skal smaka deira retter også. Eg får komplimenter for min elegante spisepinnebruk, noko eg mumler vekk utan å våge å nemna kjærleik til sushi av frykt for å laga politisk bråk, men får likevel ein kopp te i fanget ved servering og litt hoderysting når eg ikkje har med eigne serviettar.
Sært, eksotisk, godt og morosamt. Stappmett på mat og opplevingar for – hald deg fast – 95 kroner.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s