Jo Landron le Fief du Breil 2013

VIN:

Rundt Nantes i Loire, i skuggen av meir kjende Sancerre og Pouilly-Fumé skjer det ting som fortener meir merksemd. Muscadet-vinen (namnet kjem antakeleg frå det parfymerte muskpreget frå druene) er laga kun av melon de Bourgogne – namnet røper at drua opprinneleg er frå Burgund, der ho på 1700-talet vart bestemt fjerna. Drua er kulderesistent og har høg avkasting, men er utsett for mange plantesjukdomar. Ei nøytral drue som tradisjonelt har fått hjelp av lagring på bunnfallet for å få meir kompleks smak – og som no opplever ein ny generasjon med nye produsentar, fokusert på kvalitet og særpreg frå vekststaden.

Jo Landron le Fief du Breil 2013

Steinerskulevin frå Muscadet-Sèvre et Maine. Villgjær og minimalt med svovling.  Syrlege epler, tørka frukt, flint og litt sjø på snute.

Crisp og syrleg smak, litt bitter grapefrukt. Med luft og tid, fin og lang sitronsmak. Med enno meir tid, friske epleslangepler.  Leskande anslag, men også nok ryggrad til å takla kraftig sjømat. Delikat og velbalansert vin, fine smakar utan å ropa høgt.

VINYL:

Tom Waits – Alice

Alice is kind of like taking a pill. It’s a little dreamier. It’s a little more… I don’t know….druggy I’d say, more kind of an opiate. And dreamy. More of a song cycle.

Alice kom på plate i 2002, men først må vi spole tilbake ti år. Minst…
I arbeidet med Frank’s Wild Years ønska Waits/Brennan hjelp frå teaterregissør Robert Wilson som då takka nei – men i 1990 var det hans tur å lokka Tom Waits med ein sjanse til å jobba med William S. Burroughs, noko som resulterte i førestillinga (og plata) The Black Rider. God personkjemi førte til vidare samarbeid, noko som vart Alice i 1992 (og seinare Woyzeck i 2000).

At musikken ikkje kom før ti år etter skuldast nok fleire ting – travel kvardag, karriere som skodespelar, overgong til nytt plateselskap, og eit drepande stress fram mot premiera i 1992. For generelt interesserte ligg den opprinnelege musikken frå 1992 ute på Youtube, etc. som «Tom Waits Alice Demos.» Apokryfe skrifter vil ha det til at Tom Waits måtte ut og kjøpa ein bootleg for å hugsa låtane når han først bestemte seg for å spela inn plata ti år etter. I eit modig stunt for ein artist som sel lite plater kom Alice og Blood Money (musikken frå Woyzeck) ut samstundes.

Last night I dreamed that I was dreaming of you

Vi kjem innom draumesekvensane seinare, men først er det ein del å sortera – Alice som plate er meint å presenterast som eit stykke musikk frigjort frå teaterstykket. Opprinneleg basert på Lewis Carrol sin Alice in Wonderland, men stykket er mest opptatt av den verkelege Carrol – Charles Dodgson, matematikar som kjende seg mest komfortabel blant born, og Alice Liddell, dotter til fakultetsleiaren –  og det (usunne?) forholdet mellom dei.

And so a secret kiss
brings madness with a bliss

Vi skal straks kikka på musikken, men først ein observasjon – der førre plate, Mule Variation, hadde eit tungt gitarpreg, Larry Lalonde frå Primus, Marc Ribot, Joe Gore, Smokey Horme, er det knapt ein gitarstreng å sjå på Alice. Sjølv har Waits antyda at sidan elgitar er så vanleg i moderne musikk, så var det sunt for kreativiteten å utelata det.

Someday the silver moon and I will go to dreamland

Omsider musikk: Dette er på den sartare sida av moderne Tom Waits. Brecht-ballader, dixieland, melodisk kammermusikk; det er få akkordinstrument her, men arrangementa framhever tekstane heile vegen – enten det er strykarar eller ei lirekasse på karnevalfylla.

Arithmetic, arithmetock
I turn the hands back on the clock

Plata startar med smooth jazz og smoky saksofon – frå Colin Stetson, av alle! – men teksten viklar seg fort inn i besettelse. Tapte moglegheiter står fram som opne sår i Flower’s Grave, Lost In The Harbour og No One Knows I’m Gone, medan Waits sin humor og vokalkaotiske talent får bein å gå på i Kommienezuspadt, som i det heile er berre gibberish frå start til slutt.

Someone turn the lights back on
I’ll love you ‘til all time has gone

Undervegs er det nokre gonger vanskeleg å relatera musikken til noko form for Wonderland – anna enn absurditeten – Table Top Joe er født kun med hovud, ingen kropp, men blir ei sirkusstjerne. Poor Edward derimot går rett inn i eit Victoriansk England der Edward blir driven til galskap og sjølvmord av seg sjølv. Dei to songane kan samstundes vera ytterpunkt i feberdraumer.

I’m an old softie. Kathleen said that with me, it’s either Grand Weepers or Grim Reapers.

Innimellom kjem dei meir brutale Everything You Can Think og We’re All Mad Here som passer meir i Eventyrland-diskursen, ditto draumesekvensar med nydelege I’m Still Here og Fish & Bird.

And I belong only to you

Og sjølvsagt i Tom Waits si verd har han sjølvtillit nok til å gje vekk siste låt. Cue Carla Kihlstedt (Sleepytime Gorilla Museum, 2 Foot Yard, Rabbit Rabbit Radio) på Fawn som spelar fiolin så vakkert at du enten må skulda på regn eller at du nettopp har skjært opp løk…

P1010869

Kjelder:
Oz Clarke – Druer og viner
Jay S Jacobs – Wild Years
Pressekit frå Anti Records

 

Ein tanke på “Jo Landron le Fief du Breil 2013

Leave a Reply