GjerDetSjølv: Hermetiserte plommer

Å eta plommer rett frå eige (eller naboen sitt) tre er noko av det beste som finns, men det er grenser for kor mykje ein kan proppa i seg før mageknipen set inn. Heldigvis finns det metodar for å forlenga plommehausten, og kanskje også forbetra smaken.

Ca 30 plommer
1 l vatn
4 dl sukker
vaniljestang/kanelstang/stjerneanis
konjakk, rom eller anna brunt brennevin

6871683_orig

Lag sukkerlake med vanilje/kanel/stjerneanis, – bruk det du syns er godt – og la det småkoka litt sånn at smakane utviklar seg. Ha i plommene og ein klunk konjakk – kok i 30 sekunder. Ta ut plommene og la dei kjøla seg ned ørlite før du går i gong med det klissete arbeidet med å ta av skalet.
Legg plommene i steriliserte glas og fyll opp med lake.

Eg pleier toppa glasa med konjakk i tru på at det forlenger levetida for plommene og meg sjølv. Tett med lokk og kjøl hurtig ned. Om du er grundig medsterilisering av glas, så heldt det seg fint i 6-7 månader utan merkbart kvalitetstap.

85283_orig

 

 

 

En kommentar om “GjerDetSjølv: Hermetiserte plommer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s