Tripe Advisor – Roma

Pasta, pizza, tripe, tiramisu. I ei verd der sjølv setninga «Det er vanskeleg å skriva om Roma utan å ty til klisjear» er ein klisje, er dette ei krevjande øving. Roma er hektisk, Roma gjer meg glad for alle timane med Asterix, Roma er intenst vedunderleg.

Nattverden gjev deg 7 nyleg sjølvopplevde stader med mat og/eller vin, som ikkje tømmer lommeboka di.

Da Bucatino – Via Luca della Robbia 84/86 Heimeside

 

Tradisjonell, familiedrive, høgrøysta (både ansatte og gjester), no-nonsense romersk restaurant i Testaccio. Om du er eventyrlysten er dette staden for kumage (Trippa alla romana) eller babyblekksprut. Til lunsj har dei buffé, på kveldstid fyrer dei opp pizzaovnen. Venleg, men bestemt service, der du blir ansett som lettare åndssvak om du etter måltidet til dømes skulle finna på å be om rekninga før du har fått ein kopp kaffi.

 

Litro – Via Fratelli Bonnet 5  Heimeside

 

At Litro ligg på toppen av ein høg haug i Trastevere passer eit protestantisk lynne om å yte-før-nyte godt. Er du det minste glad i steinerskulevin med bruskork og nyfiken på småprodusentar er det verkeleg verd turen, ikkje berre ein, men fleire gonger.
Naturvinbar med matservering. Ost og skinker, bruschetti og 3-4 varme Dagens Rettar, typisk lasagna, curry og pasta. Mykje vin på glas, enno meir på flaske.
På glas serverer dei mudrete col fondo, villjordbærsmakande rosa frå Degli Ulivi, og særare oransje greier frå Pradarolo. Legg til  greco frå Podere Veneri Vecchio og raud «selvatico» Olivella Vipt og du har glimt av grunnar til gjenbesøk. Rundtom 6-7 Euro per glas. Hyggjeleg service, men varierande kunnskap om produkta dei serverer.

p1020560

 

 

Rimessa Roscioli – Piazza di Montevecchio 17 Heimeside

 

 

Roscioli er eit heilt lite imperium i Roma. Delikatessebutikk, bakeri, vinbutikk og bar med smakerom. Dei tilbyr ei smaking med mat som gjev eit lite tverrsnitt av vinstilar og områder i Italia. 65 Euro inkluderer 8 generøse glas, 12 smårettar og 3 timar avslappa og uformell forelesing. Vi som hang igjen etterpå vart nøda til å drikka opp slantane…
På ‘min’ kveld var vi 13 deltakarar frå fire verdsdelar, der sommelier Lindsay Gabbard med ei blanding av enorm fagkunnskap og amerikansk entusiasme klarte å gjera kvelden spanande for både dei som var på si første smaking og dei meir erfarne. I glaset mellom anna klassisk Barolo og Brunello, men også mindre kjende druer som nero d’Avola og schioppettino.

 

Ai Marmi – Viale di Trastevere 53

 

 

Soup nazi, anyone? Prosedyre: Du står i kø og blir plukka ut basert på storleiken på gruppa og det ledige bordet av ein kelner med steinansikt. Du får plassert kniv & gaffel, servietter og eit mjølkeglas foran deg og ein meny tatt frå nabobordet (som heller kan sjå saman). Når du har bestemt deg og har servitøren si merksemd så har du ca 6 sekunder å formidla kva du skal ha før han mister interessa og går vidare. Kjøp øl. Å ikkje bestilla ein forrett i tru på at det skal gje deg pizza raskare er ein veldig dårleg ide. Så sit du i 50 minutter og venter på maten din, trøysta er å observera at køen veks.
Så, når maten først kjem og du tar første biten og innser at du har satt tenna i verdas beste pizza og innser at du ikkje er irritert lenger, men berre lukkeleg. Også har dei ein heilt fantastisk Tiramisu.

 

Enoteca Ferrara La Mescita (vinbaren) – Piazza Trilussa, 41 Heimeside

 

 

Nok eit imperium – restaurant (med legendarisk vinkart), bistro, ølbar med eigen produksjon, og vinbar med eit skummelt stort utval på glas. Smårettar i baskisk stil på disken utover kvelden, generøse smaksprøver for å finna den vinen ein ønskjer. Dekkjer store deler av Italia, frå biodynamisk Arneis frå Sicilia til Müller-Thurgau frå Alto-Adige i nord. Sjå opp opp for Ferrari Perlé 2009 på glas.

 

Gelateria Romana – Via Ostiense 48 Heimeside

 

 

Is som vaksne menn køyrer gjennom fleire bydeler for å kjøpe. Enormt utval, frå søtaste pecorinois(!) til mørkaste sjokolade og syrlegaste sitronsorbet. Skulle utvalet medføra at ein blir råka av Stendhals Syndrom, er personalet flinke til å anbefala kombinasjoner.

 

Salumeria Volpetti – Via Marmorata 47 Heimeside

 

p1020654

 

Luksuriøs (og dyr) delikatesse i Testaccio. Enormt utval av skinke, ost og ting på boks og glas. Generøse smaksprøver og tålmodig betjening. Vakuumerer tinga dine og pakkar pent inn.

p1020655

 

En kommentar om “Tripe Advisor – Roma

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s