De Bortoli Murphy’s Vineyard Hunter Valley Semillon 2006

Sett utifrå skulle Sémillon berre vore ein parentes i vindrueverda. Ei drue som veks som ugras, ikkje har det heilt store særpreget men dog er sjukdomsresistent er nok populært hjå produsentar som transporterar vin på tankbilar, men blir fort ei drue kjent for kvantitet, ikkje kvalitet.

Likevel er det to stader i verda der Sémillon omdannar sollys til magi – og det på mest usannsynleg, masokistisk vis. Mest kjend er sjølvsagt Sauternes, der samspelet mellom morgontåke, sol og sopp lagar (når det går bra og ikkje heile greia råtnar vekk) ein av verdas beste og mest berømte dessertvinar. Den andre staden ser ut til å stadfesta at Semillon treng juling for å levera god vin – stadige regnskyll som vaskar vekk jorda, temperatur over førti grader om sumaren, vintertørke og sjølvsagt ein syklon eller to rett før hausting får ein til å lure på om noko som helst kan dyrkast her. Vi skal til Hunter Valley nord for Sydney, Australia og til ein vin som hadde ein røff start i 2006. I rolege år blir vinane fort plumpe, men når dei verste vêrmeldingane slår til og druene må panisk i hus litt for tidleg, slår semillon tilbake dersom det ferdige produktet får flasketid. Lav alkohol (10-11%)og batterisyre glir etter 8-10 års lagring til honning og toast.

De Bortoli Murphy’s Vineyard Hunter Valley Semillon 2006

Når det er gjort reie for kva desse druene går gjennom, lagringstida på 10 år – samt distansen frå New South Wales til Noreg – så er det rart at denne vinen berre kostar 140 kroner. For tida ikkje tilgjengeleg i nettbutikken til Vinmonopolet, men er spreidd på butikkane rundt omkring i landet. Produsenten sjølv har filosofien om å la vinen utvikla seg med minst mogleg innblanding, samt «Character and personality in wine comes from the imperfections of nature», noko som vel kan orsaka det meste…

Frå nyopna flaske duftar vinen stein, sitron og gule druer.

Sitron og honningsødme kjennes ikkje heilt integrert. Kryddertoner skaper illusjon av fatlagring, sjølv om vinen kun har vore på stål, litt vandig midtparti, litt kort.

Etter nokre timar på karaffel er ting i endring – sitron tar meir plass både på snute og i svelg og vinen kjennes meir elegant og kompleks. Får meir lengde med luft. Ikkje heilt min stil, men artig å ha smakt, ikkje minst med tanke på kor rimeleg vinen er.

Ikkje noko for sarte fiskerettar – noko rustikk makrell eller kylling er antakeleg betre matfølgje.

p1030048

Tanita Tikaram – Closer To The People

For snart 30 år sidan var Tanita Tikaram 80-talets bråmodne AURORA. 19 år gamal, kom tilsynelatande frå ingen stadar og fekk suksess over natta. Debutalbumet med  Good Tradition, Twist In My Sobriety og grovt oversette Valentine Heart får nok eigen Vin & vinyl-status ein eller annan gong. Sjølv om det har vore stille i Noreg, så har det blitt ni plater og mange konsertar sidan starten, seinast Closer To The People som kom i år. Der debuten var gjennomprodusert med mellom anna Tony Levin og Marc Ribot som musikarar, er denne plata eit nikk til turnebandet hennar der desse får lov til å visa seg fram – fleire har også spelt med Van Morrison.

I get lonesome in a crowd
I am tiresome when I’m trying to shout out loud

Røysta hennar er hesare og meir fyldig, men har framleis det distinkt kjølege preget frå tidlegare år. Musikalsk er ho her i eit soulfolk-landskap, innimellom med røykfylt nattklubbjazz og tilbakelent bluesstemning – Dianna Krall og Paula Cole er ei ikkje ueffen samanlikning – bandet verkar meir samspelt og spontant enn den jamne studiomusikar, og det skal ikkje forundra meg om mykje av innspelinga er gjort live i studio.

Høgdepunkt? Cool Waters minner mykje om noko frå førsteplata, Don’t Turn Your Back On Me har noko av det same og i tillegg ein lågmælt desperasjon, medan balladen My Enemy er utruleg vakker. Solid plate frå ein artist eg neste hadde gløymd heilt av.

Kjelder:
Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner
http://www.debortoli.com.au/
http://www.tanita-tikaram.com/
Div wikipedia

2 tankar på “De Bortoli Murphy’s Vineyard Hunter Valley Semillon 2006

Leave a Reply