Vin & vinyl

A.D. Coutelas vart tilgjengeleg i Noreg så seint som i fjor haust og har raskt etablert seg som eit hus med svært høg kvalitet for pengane. Noverande Coutelaser – Angélique & Damien – er åttende generasjon på bruket og gjer ting på eigen måte. Vinmarkane er i ferd med å bli økologisk sertifiserte og dei er fast bestemt på å gje vinane eit særpreg som skil dei frå naboane sin produksjon.

Deira Louis Victor Fût de Chéne Brut vart noko så sjeldan som både ein kritikarfavoritt og ein salssuksess, medan Eloge Blanc de Blancs Brut er kriblande konsentrert – begge til under 360-lappen. Korleis vil haustens nykommar Origin` Brut til 300,- stå seg i internkonkurransen?

A.D. Coutelas Origin` Brut

Forsiktig snute. Sitron, litt gjær, røyk/flint.

Rund og behageleg smak. Fruktig midtparti med sitruspreg – sitron og litt bitter grapefrukt før ein lang og syrleg avslutning. Med litt tid i glaset endrar duft og smak i retning av raude eple.

Enklaste sjampanjen eg har drukke frå Coutelas, men du så saftige og reine smakar. Sakner særpreget frå dei andre cuveeane, men dette er perfekt til aperitiff eller milde sjømatrettar om ein vil servera bobler frå the real deal og samstundes ha ein viss økonomikontroll.

Bugge Wesseltoft – new conception of jazz

I høve New Conception Of Jazz og  Jazzland Recordings sitt 20-årsjubileum i 2016 kjem første plata på labelen i vinylformat for første gong. Dobbelplate (45rpm remaster – noko som betyr dobbelt så mykje lydkvalitet på rillene, eller dobbelt så mange turar bort til platespelaren – alt etter perspektivet…

(Tekst opprinneleg publisert hjå Nattjazz.)

NCOJ – 20 år

Blame it on the Bugge

Året er 1996. Killing Me Softly ligg på topp på VG-lista, Independence Day og Trainspotting på kinotoppen. James Brown speler på Nattjazz. Og Bugge Wesseltoft, som har det hektisk med å laga jazzhistorie.

Eigentleg kunne tangent-vedunderet levd fett på å få andre artistar til å låta betre – Arild Andersen, Jan Garbarek, Terje Rypdal og Jon Eberson hadde allereie handplukka han til eigne prosjekt tidleg på nittitalet, og eit tett samarbeid med Sidsel Endresen som etterkvart ga to Spellemenn var i startgropa. Vossa Jazz hadde teft nok til å la han skriva tingingsverket i 1993. Sjølv var han opptatt av teknomusikk og klubbscena. På nittitalet vart det meir og meir vanleg at jazzmusikarar og djs på klubbar fann på ting saman og Wesseltoft knytta til seg både unge talent, etablerte musikarar og platesnurrarar i det som i 1996 skulle snu opp-ned på jazzomgrepet med plata New Conception Of Jazz.

Det vil sei – plateprosjektet fekk ein mildt sagt kjøleg respons frå dei etablerte selskapa, så også dette måtte han ordna sjølv – noko som fødde den andre tjueårsjubilanten i år: Jazzland Recordings. Opprinneleg ein label for å gje ut eigen musikk, men vart  veldig snart ein kvalitetsmarkør for skandinavisk musikk som utvida grensene for kva jazz kunne og skulle vere. I eit ytterpunkt står superbandet Atomic med sin eksplosive blanding av amerikanskinspirert jazz og europeisk frijazz, i eit anna klubbmusikken til Mungolian Jet Set med Paul ‘Strangefruit’ Nyhus. Innimellom der finn ein mellom anna Torun Eriksen, Beady Belle og Come Shine, så vel som nyetableringar som Mari Kvien Brunvoll og Mopti. Alt i alt har Jazzland gjeve ut 120 plater med New Conception Of Jazz som den første, og til saman selt over 1 million eksemplar.

Prosjektet debuterte på Nattjazz i 1996, noko som fekk Frode Bjerkestrand og Bergens Tidende til  å ta av:

«Bugge Wesseltofts nye jazz-konsept ble kanskje den største bomben på Nattjazzens åpningssesjon. Et burlesk, muntert, elektronisk og akustisk adrenalinkick som virkelig fikk musklene til å spenne seg. Bugge tar med dette konseptet sin egen karriere et steg videre, og skaffer seg selv et mye videre publikum i samme slengen. På scenen står seks meget kompetente musikere og på Bugges lille maskin ligger musikk for et skikkelig teknoparty. Blander du de to tingene sammen blir det eksplosivt. Ikke farlig, men utrolig fascinerende.»

Tilbake til 1996 og New Conception Of Jazz: plata fekk – i konkurranse med Petter Wettre og Element – Spellemann i jazzkategorien, og  kritikarar samanlikna han med Miles Davis, Chick Corea og Herbie Hancock. Jazzjournalist Stuart Nicholson har brukt prosjektet som eit døme på korleis det kreative tyngdepunktet i jazzen flytta seg til Skandinavia.

Gratulerer med dagen Bugge Wesseltoft og Jazzland!

fullscreen-capture-22-12-2016-183114-bmp

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s