J Sunier Beaujolais Morgon 2015

J Sunier Beaujolais Morgon 2015

Forutan å vera umogleg både å stava og å uttale, har Beaujolais slitt med eit dårleg rykte som produsent av saftprega og syntetisk smakande vin. Med ein ny generasjon produsentar er dette heldigvis snudd.

Julien Sunier var vin-nomade og jobba for ulike produsentar i 10 år før han kjøpte ein nedlagt gard i Avenas og starta produksjonen med leigde vinmarker. Filosofien er ærlegdom og handverk, intensjonen er å visa det unike frå vekstplassen og elegansen frå gamaydrua med minst mogleg innblanding frå åker til flaske. Etterkvart som han har overtatt jordbruksland har det vore viktig for han å få økologisk sertifisering og det aller meste av arbeidet skjer for hand.

Intens duft frå nyopna flaske. Modne jordbær, granbar, søte bær, antydning til hengt vilt, lyng og krøkebær.

Friskt jordbærpreg, fyldig og delikat midtparti med mørke bær og litt søtleg frukt. Litt tanniner byggjer seg opp og er med på å skapa ryggrad. Lang og frisk avslutning med bringebærsmak. Rein og lettdrikkeleg vin som er kompleks nok til å gjera han interessant.

p1030575

Div Artistar – The Songs Of Blind Willie Johnson

Blind Willie rakk ikkje eingong å bli 50, men musikken hans lever vidare som ein del av den amerikanske songskatten og som ein grunnpillar for gospelbluesen, har inspirert Bob Dylan, Tom Waits og Led Zeppelin  – i tillegg er Dark was the Night – Cold was the Ground ein av tjuesju songar sendt ut gjennom solsystemet i Voyager. Grunngjevinga til Carl Sagan: «Johnson’s song concerns a situation he faced many times: nightfall with no place to sleep. Since humans appeared on Earth, the shroud of night has yet to fall without touching a man or woman in the same plight.» Songen er frå 1927, 90 år seinare er temaet stadig forferdeleg aktuelt.

Sjølv drøymde Johnson om å bli baptistpastor. Det lille vi veit om han er at han var ein gudfryktig gate-evangelist, hadde røyst som ein ur-Tom Waits og var ein råtass på slidegitar. Også skreiv han songar som står seg nesten hundre år etter…

I 2002 vart produsent Jeffrey Gaskill introdusert for musikken til Blind Willie og vart slått i bakken – korleis kunne nokon ha så stor påverknad på amerikansk musikk og likevel så få hadde høyrd om han? For Gaskill endte det i ei pilegrimsferd der han prøvde å spora opp eit liv med lite dokumentasjon. I 2008 bestemte han seg for å laga ei tributeplate – mange artistar inkludert Tom Waits, Lucinda Williams, Blind Boys of Alabama, Cowboy Junkies og Rickie Lee Jones ville vera med, men plateselskapa strevde økonomisk og var lunkne. I 2013 rørte prosjektet på seg igjen med ein kickstarter-kampanje (som mellom anna selde gitarar bygd av treverk frå heimen til Johnson) og endeleg i 2015 fekk han napp hjå bluesselskapet Alligator Records.

Plata kom i 2016 og gjer ikkje skam på opphavaren, sjølv om sluttresultatet er noko ujamt. Tom Waits får æra av å opna ballet med The Soul Of A Man i ein slags growling-gospel-frelsesarmeen-på-fylla-stil. Mangeårig partnar og samarbeidspartnar Kathleen Brennan er for første gong(?) saman med ektemannen på vokal. Lucinda Williams overtar på Nobody’s Fault But Mine med fyldig bottleneck og hypnotisk vokal. Nivået blir etablert når Derek Trucks & Susan Tedeschi står for eit av dei svakare spora på plata. Cowboy Junkies sampler opptak med Blind Willie og får Jesus Is Coming Soon til å høyrast gamal og ny ut på ein gong utan at det er heilt overbevisande. Blind Boys Of Alabama varetar gospeltradisjonen før side 1 vert avslutta med pur magi. I Trouble Will Soon Be Over hentar Sinéad O’Connor fram tru, tvil, desperasjon og håp, meir og meir intenst gjennom versa.

Luther Dickinson starter side to, men det er først når Lucinda Williams kjem tilbake på God Don’t Ever Change at magien er attende. På John The Revelator er Tom Waits kanskje litt *for* Tom Waits, men han får i det minste fram det apokalyptiske i teksten – om du likar Bone Machine så likar du denne. Maria McKee treff meg ikkje heilt, men så…
På avslutningssporet syng Rickie Lee Jones Dark Was The Night – Cold Was The Ground som om ho sjølv skulle ha sove ute heile livet. Ho bommer på rytmikken og snublar i teksten, likevel (eller kanskje nettopp derfor) lét det så sårt, lengtande og inderleg sårbart.

p1030574

Kjelder:
http://www.julien-sunier.com/
God Don’t Ever Change – The Songs Of Blind Willie Johnson
Diverse Wikipedia

Ein tanke på “J Sunier Beaujolais Morgon 2015

  1. Tilbakeping: Côte du Py 2020

Leave a Reply