Patrick Sullivan Bonkers

Antipodane gjer ting annleis. Eg mistenkjer at der franskmenn og italienarar er bundne av tradisjonar og forventning, kan ein i Australia staka ut eigne vegar på ein annan måte. Som til dømes å laga vinar der ein blandar raude og kvite druer.

«For me, winemaking is simple,” explains Patrick, “you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.»  (thewineidealist.com)

 

Uvante duftar frå koko drueblanding av pinot noir, gamay, malbec, sauvignon blanc og muscat  – rabarbra, sursøtt kirsebærpreg, rips, syrlege toner, kaotisk fruktpai, mykje som skjer…

Saftprega smak, rabarbra, rips, bitre urter, litt ruskete avslutning , men anstendig lengde med syrleg rips.

p1030865

Til ein pris rundt 300 er vinane for sære til å forsvara voldsomme investeringar, men som eit innblikk i kva vin også kan være, så er dette veldig morosamt.  Av vinane til Sullivan som er tilgjengeleg under 300 har eg også testa Jumpin Juice og Haggis, og om du er nyfiken så kan spesielt Haggis vera eit artig og (litt) mindre naturvinprega (ja, særlig) startpunkt…

Spike Jones And His City Slickers – I Went To Your Wedding

«We were too corny for sophisticated people and too sophisticated for corny people»

Med dirigentpinne i ei hand og revolver i den andre. På 40- og 50-talet var Spike Jones dåtidas svar på Weird Al Yankovic og Frank Zappa (som listar Jones opp som ein av sine viktigaste inspirasjonskjelder), kjend for å vera tyrannisk krevande overfor musikarane sine, parodierte både jazzklassikarar og orkestermusikk med virtuost detaljfokus og eksentrisk genialitet. Tenk Loony Tunes og Tom & Jerry med narrativ… Og javisst – det er framleis hysterisk vittig samstundes som ein ikkje kan unngå å bli imponert over spennet i repertoaret og presisjonen til musikarane i bandet. Ikkje minst når ein veit at det er gjort før fleirsporsopptak og overdubbing var mogleg.

Høgdepunkta på plata er mange. Standardfiguren er den fulle vokalisten som (liksom) forskyver takten til resten av bandet, eller som reagerer på noko koristane syng eller perkusjon som «kommenterer» handlinga i teksten (Zappa, anyone?). Hovudpersonen i  parodien på «I went to your wedding» er overstadig glad for at det ikkje er han som står ved alteret, i «Too Young» (kjempehits for Nat King Cole og seinare Donny Osmond) blir det fort klart at den kvinnelege protagonisten er meir erfaren enn den mannlege hovudpersonen. Liszt sine ungarske rapsodiar får gjennomgå i eit slags perkusivt Ole Hamre møter Bugs Bunny til battle. «I’m Getting Sentimental Over You» er gjort med stort alvor frå vokal og koret, medan resten av orkesteret saboterer så godt dei kan.
Sytti år gamal musikk som stadig lét friskt.

p1030868

Ein tanke på “Patrick Sullivan Bonkers

Leave a Reply