Vin & vinyl

VIN:

Valcerasa Etna Bianco 2013

Frank Zappa sitt sicilianske opphav gjer at denne Vin & vinyl-kombinasjonen ikkje er tilfeldig. 850 meter oppe i nordsida av Etna har Rosario og Alice Bonaccorsi 8 hektar med vinmark. Derifrå er Etna Bianco 2013 tilgjengeleg på Vinmonopolet. Økologisk, spontanfermentert, 45-65 år gamle drueplanter, handplukka druer, 100% carricante.

Frå nyopna flaske, eplesider, fersken, litt krydder. Rett på karaffel. Med tid eplekart, røyk, appelsin og salt sjø på snute.

Etter 3 timar lufting er det tid for første smak: Eple, gule plommer, kandisert fersken som gjev eit litt søtleg preg. Fyldig munnkjensle, lang krydra og røykfylt ettersmak utan særleg syre.

Litt forvirrande dei første timane – utan å ha sett ei tønne i heile sitt liv så syner vinen karakteristikkar meir frå vin som har lagt på eik og minner periodevis om ein moden Tondonia – ikkje ei negativ samanlikning, men ikkje heilt det eg hadde tenkt meg. Etter 5 timar på karaffel løsnar det. Plutseleg glir smakane saumlaust over i toner av sylta sitron og ein elegant sitronprega og syrleg avslutning.

Ein etterkvart nydeleg vin som treng litt planlegging for å visa seg fram på sitt beste. Veldig godt til dampa kveite.

p1040017

VINYL

Frank Zappa – One Size Fits All

Zappafanatikarar er som kjend (og ofte opplevd av folk uheldige nok til å vera i nærleiken) klar for å misjonera omgjevnadene sine med Frank Zappa sin genialitet og «du må berre høyra denne» for å bli overtydd om at du aldri treng høyra på noko anna resten av livet. Eg veit, for eg har vore ein sånn sjølv…

p1030978
Dette sagt, så er ikkje One Size Fits All (OSFA) den verste staden å starte for nokon som aldri har høyrd Zappa før. Her er artisten med verdas mest gjenkjennbare ansiktshår i kjempeform på noko som vel er det næraste han kom eit streit prog-album.

«It’s one hell of a sofa if you appreciate fulsomeness»

Vi skal diskutera musikken snart, men først må vi innom innpakninga. Aldri har coverkunst forsvart formatet som på denne plata. Her har designer og illustratør Cal Schenkel gått amok i detaljane, frå ein sigarrøykande Gud sin sofa, til bittesmå detaljar knapt leseleg sjølv på 31×31 cm. Rundt omkring er det små parodiar og ordspel på astronomi og astrologi. I tillegg ligg det små metakommentarar frå prosessen (Zappa sjølv starta som illustratør før han vart musikar) spredd utover coveret.

p1040015

«An arousing waltz originally released on the album ONE SIZE FITS ALL. Since that album was not very popular, this presentation might guide a few curious listeners back in that direction to check it out»

Sofa-fotnoten på Live In New York-plata framstår som litt bitter, men han har rett. Etter kommersiell suksess med Apostrophe(‘) fekk OSFA lite merksemd og labert sal. Ettertida vurderer annleis, plata vinn fan-avstemmingar og låtane vart livefavorittar på seinare turnear. I kåringa av verdas 50 beste progplater hjå Rolling Stone havna ho på 18. plass, rett bak Mike Oldfield(!).

Dette er siste utgåve av Mothers Of Invention – resten av katalogen har kun Frank Zappa på coveret. Og for eit band å avslutta med! George Duke (Michael Jackson, Miles Davis, dei aller fleste andre) vart påtvunge vokalansvar og fekk sin første synthesizer av Zappa, Chester Thompson gjekk frå Mothers Of Invention til Weather Report og Genesis. Tom Fowler og Napoleon Murphy Brock turnerer framleis med The Grandmothers og har gjesta Noreg fleire gonger med konsertar.

Behovet for perfeksjon må ha vore slitsam for hovudpersonen sjølv, mykje tid har gått med å plukka dei beste opptaka av låtane for så å pusla dei saman på nytt. Ein god del av grunnkompet er tatt frå ein tv-konsert (Originalen er på Dub Room Special-dvden), den ikoniske gitarsoloen på Inka Roads er tatt frå ein konsert i Helsinki (Originalen er på YCDTOSA 2-cden).

Inka Roads startar side 1. Dels Erich von Däniken sine UFO-fantasiar, dels det eg alltid har tenkt på som ein parodi på Jon Anderson sine eteriske tekstar i Yes. Falsett og vakker vokalmelodi ivaretatt av George Duke. Sjølvsagt forsøkt øydelagd av Zappa med Spike Jones-aktige skifter og noko som høyrest ut som rytmisk krangling. Ikonisk gitarsolo som både syner Zappa sine geniale evner som improvisatør samstundes som ein framleis kan høyra bluesen han var så glad i. Taktskifter nok til å halda ein busslast med tablaspelarar happy, samstundes som det heile lét funky og flytande.
Can’t Afford No Shoes er økonomiske nedgongstider og satirezappa i rockeform, medan Sofa 1 er melodikaren og komponisten Zappa som får vist seg fram. Po-jama People er mobbing av dei kjedelege orkesterfolka han turnerte med, heldigvis med ein rykande gitarsolo som samstundes syner kor telepatisk samspelet mellom trommer, bass og piano fungerte i denne versjonen av Mothers.

Side 2 startar med det som etterkvart blei nok ein konsertfavoritt. Florentine Pogen er ei kake frå eit svensk bakeri, teksten handlar om ei rik og bortskjemt dame og går etter kvart over til å terga Chester Thompson. Zappa sjølv kalla det ein kjærleikssong. Go figure…
Evelyn, A Modified Dog er kvardagsobservasjonar av kjæledyret i parodisk blanding av høg- og lavengelsk, og blir ein liten poetisk pustepause på plata. San Ber’dino er lett sjølvbiografisk (Zappa dreiv studio og vart lurt av ein politiagent til å laga ein ‘sextape’ noko som ga han 10 dagar i fengsel i San Bernardino Prison.). Vokalimpro frå Johnny «Guitar» Watson.
Andy er melodisk og kanskje ei hylling av skodespelar Andy Devine som var sidekick til John Wayne. Funky absurdisme… Sofa 2 runder av plata – denne gong med tekst. Blasfemisk nok syng Gud ei hylling til sofaen sin. Med tysk tekst får det heile eit pompøst Wagnersk finalepreg.

One Size Fits All vart remastra i 2015 og relansert på vinyl.

 

Kjelder:
Ben Watson – The complete guide to the music of Frank Zappa
Michael Gray – Moter! The Frank Zappa Story
Frank Zappa – The Real FZ Book
www.valcerasa.com
http://www.zappa-analysis.com/flortxt.htm
www.nondos.no

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s