Kvinne + vin = sant

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Er det behov for å gå i tog med parolar om fleire kvinnelege vinmakarar? Kanskje? Det finst nok både område, kulturar og familiar der jentene kjem i andre rekkje. Sønene får ta over roret når dei vert vaksne, døtrene får kanskje ein kontor- eller salsjobb.

Det finst svært mange kvinner som lagar vin i dag, og som er heilt i verdsklasse. Kanskje ikkje på grunn av eller på tross av at dei er kvinner, men fyrst å fremst fordi dei er flinke og hardtarbeidande. «Fyrst og fremst artist, dernest kvinne,»som Susanne Sundfør sa, då ho vann kategorien beste kvinnelege artist i Spellemannsprisen. Dei fleste er som sine mannlege kollegaer, opptekne av terroiret, vinmarkene eller den lange og ærerike historia til eigedomen.

Eg kunne nemnt Anne-Claude Leflaive, Anne Gros, Lalou Bize-Leroy, Alix Montille eller Ghislane Barthod som alle er toneangjevande i Burgund. Giovanna Morganti, Stella di Campalto og Laura Bianchi er fullt på høgde i Toscana. Tenk på Christine Saahs på Nikolaihof i Wachau, som styrer ein eigedom som er 2000 år gamal! Lengre aust ved innsjøen Neusiedler See, er Heidi Schröck med på å halde liv i den søte vinen Ruster Ausbruch. Teresa Breuer tok i ung alder over ein leiande produsent i Rheingau då faren døydde plutseleg. I ein region av mykje sære gamle gubbar, er Maria Teresa Mascarello, Marta Rinaldi og Elisa Scavino no kvinner i eige hus og lagar Barolo som heile verda spør etter.

Men eg skal ta med eit personleg møte med to unge kvinner på veg opp. I 2013 var eg i Chablis og fekk besøke fleire av mine favorittprodusentar. Mellom anna Laurent Tribut. Vinane hans er populære i Noreg, men produksjonen er liten, og han er ikkje like kjend som dei store gutta i Chablis. Laurent var ikkje så verst i engelsk, og i kjellaren vart det smaksprøvar på både fersk vin frå fat og nokre årgangar ferdigtappa vin. Dottera Solange kom inn frå arbeidet i vinmarkene, og vart med å smake. Ho kunne fortelje at ho hadde leigd nokre parsellar, og tappa litt vin under eige namn. Ho var i byrjinga av tjueåra og keitete og litt flau. Engelsken var slankare enn ein blodfersk Chablis. Men ho hadde meiningar og sine eigne metodar for sine vinstokkar. Vinen minna nok om faren sine. Men med hennar signatur.

 

 

DSC06298-web

Neste dag var det Raveneau. Produsenten av flaskene som alle drøymer om, men sjeldan ser snurten av. Chablis frå Raveneau er essensen av Chablis. Difor vil alle gjerne ha ein bit. Men appetitten er større enn Bernard og Jean-Marie kan levere frå sine 9,29 hektar. No har også Isabelle fått lov å vere med å føre tradisjonen vidare. Og her i huset er det yngste generasjon som tek seg av pratinga.

IMG_1780

I motsetning til den lett koketterande bondejenta Solange, ber Isabelle med seg vissheiten om ein lang historie med fantastiske vinar. Ho klarer ikkje å skjule stoltheiten. Det er noko sjølvsikkert over faktene og orda. Det var bygd ein ny underjordisk kjellar, slik at det vart betre plass og enklare å transportere fat ut og inn. Men vi tok gamlevegen ned i kjellaren, gjennom ei låg dør frå gateplan og ned ei bratt trapp. Det meste eg fekk smake var strålande vin, og dei unge 2012 og 2011 har mange år framfor seg. Det vart også ein vertikal av Montée de Tonnerre. 2008 var ein av dei beste med rikt preg på lukt av fersken, gul frukt, eple og voks. Stram, syrlig og grapefruktprega i munnen. Denne vil bli fantastisk. Eller som Isabelle sa; «This will be a killer!»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s