Charles Dufour Bulles de Comptoir #5

DSC_1943

I fjor på desse tider, smakte eg vin frå ein for meg ny og ukjend Champagne-bonde. Korleis eg oppdaga han, hugsar eg ikkje. Eg kjøpte ei flaske, likte ho, og ville kjøpe meir. Då var det tomt. No har det kome nye forsyningar til landet, og takka vere storstilt åtgaum om 2015-årgangen i Tyskland og noko amerikansk Pinot Noir, er flaskene frå Charles Dufour enno å få tak i. No er det riktignok ei ny tapping, med anna base og samansetjing av reservevinane. Det er framleis kun vinen Bulles de Comptoir som har kome til Noreg, sjølv om Dufour lagar fleire cuvée-ar. Dufour held til i Landreville i Aube, og har no ansvaret for familiens 5 hektar vinmarker. Sidan 2007 drivne økologisk og i 2010 sertifisert av Ecocert. Vinstokkane er til dels gamle, spesielt dei som er av typen Pinot Blanc.

Den som eg likte så godt, var altså #4, og her følgjer infoen om den. 55% Pinot Noir, 35% Chardonnay og 10% Pinot Blanc. 20% er frå 2013 og 80% frå 2011 og 2010. Spontalgjæra. Malolaktisk omdanning? Ja. Flaska i oktober 2014. Mogna på foudre (store fat) og barrique (225 l) fram til degorgering i januar 2016. Ingen svovelsulfitt tilsett (!) Dosagen er ca 3g/l.

DSC_9266

08.05.16 har eg notert: Charles Dufour Bulles de Comptoir #4 Vinorama. Smakt frå Riedel Riesling-glas, heime. Opna 07.05.16. Smaksnotat frå 08.05.16

Djup strågul, interessant farge. Lett oksidativ stil, med nedfallseple, kalk og sitrus. Gule eple, rista mandlar og hasselnøtter. Nice. Frisk, men utvikla stil på smak, med sitrus, nedfallseple og kalk. Aggressiv men fin mousse. Moussen held fint på dag to også. Lett bitter finish. Ikkje veldig kompleks, men konsentrert på smak og interessant. Litt Selosse-aktig.

Er det det låge svovelinnhaldet som gjer at vinen er så utvikla, med nøttepreg og den slags? Eg har ikkje vore borti usvovla Champagne tidligare. Drappier og Fleury lagar iallefall ein usvovla variant kvar. Eg skal ikkje stikke under ein stol at eg har sansen for vinane til Jacques Selosse. Dei er dyre og ikkje så lett å få tak i, men dei aller fleste eg smakt har vore store opplevingar. Digre, konsentrerte, ja nesten mettande Champagne. Dei er kanskje best til mat. Men det er ein stil som ikkje fell i smak hjå alle. Her får du litt av det same for 1/3 av prisen.

DSC_1939

Så var turen komen til #5. 18.05.17 skreiv eg ned desse orda om denne vinen, etter å ha opna han på kvelden den 17. Charles Dufour Bulles de Comtoir #5 c´est joli! Testa både i Riedel Riesling, som er mitt hovudglas for musserande vin i heimen, og Zalto Burgund. Svært kryptisk etikett, men ditto informativ baketikett. Quiet is the new loud.

Strågul, gode bobler også på dag to. Fyrst eit friskt sitronpreg, sidan noko som minner om vin som har gått gjennom malo på fat; smørolje og laktiske aromaer. Eg finn også curry, snev av sellerirot og hummarskal/kinin. Med litt lufting i (det store) glaset, kjem det fram søte fruktaromaer og eit fint oksidativt preg. God ettersmak av friske gule eple, kalk og hummarskal. Virkar ikkje heilt forløyst enno. Trur denne kan utvikle seg fint i eitt års tid framover, men usikker på om det vil gå fortare enn godt er, sidan vinen er usvovla.

Denne vinen består av 80% 2014-base med 20% reservevin frå åra 2010-2013. Same druemiks som #4. Flaska i august 2015, degorgert januar 2017. Det er verd å nemne at informasjonen på nettsida deira har ein liten “lost in translation”-aktig divergens mellom det som står på fransk og det som står på engelsk. #5 var altså ikkje like utvikla, men eg vil forsøke å lagre nokre flasker og sjå kva som skjer.

DSC_1914

C´est joli!

EVA_JOLY_002

C´est Joly!

 

 

(Pun intended, som det heiter, i det utvida norskbegrepet).

Leave a Reply