Dom. Lucci Vino Rosso 2015

-You’ve got to ask yourself one question: ‘Do I feel Lucci?’….Well? Do ya, punk?

Frå chef i Ritz Carlton-konsernet til sommelier til læretid som vin-nomade i halve verda til han endeleg endte opp i Adelaide Hills med eigen produksjon i 2002… Sjølv i naturvinkrinsar blir Anton von Klopper sett på som eksentrisk – her er det full biodynamisk pakke – nedgravde kuhorn med gjødsel frå sumarmånadane sidan dei samlar mest energi frå sola, spontanfermentering i keramikkegg, minimalt med luking i vinmarka, minimalt med sulfitt og kun ved flasking, ingen andre tilsetningar…

P1040722

Dom. Lucci Vino Rosso  2015

Det kjem ein del ukonvensjonell vin frå antipodane for tida. Koko drueblanding med Chardonnay 10%, Sauvignon Blanc 20%, Merlot 30%, Riesling 10% og Sangiovese 30%.

Nesten rhone-aktig snute. Krekling, rips, hengt kjøt, kvit pepper; tydeleg sursøt kirsebær, dog utan eit ekstremt naturvinpreg – men litt funky er det. Søtlege kryddertoner – nellik.

P1040726

Leskande smak , mykje reinare i munn enn kva forventningar duften skapte. Mykje som skjer, nesten rieslingaktig eplepreg, etterkvart mykje rips, litt tanniner byggjer seg opp utan å bli plagsomme, søtleg og fyldig plommefrukt mot slutten, lang avslutning.

Snill, rein og delikat antroposofterrassevin med nok ryggrad til å tåla ein kyllingbit eller noko spekemat.

P1040732

Kjelder:
www.lucymargauxvineyards.com
www.vinmonopolet.no

 

Leave a Reply