Mád Tokaji Furmint 2015

P1040836

Få stader er så forbunde med ein type vin som Tokaji, aust i Ungarn. For István Szepsy er det likevel ikkje nok å laga magisk dessertvin av druene. I Mád vil han også syna kva den regionale druesorten furmint kan by på i tørr variant utan edelråte.

Furmint har overlevd trass dårleg behandling under kommunistungarn. Aukande etterspurnad for tørr vin kombinert med ambisiøse produsentar kan vera med å tryggja framtida for ei drue med særpreg.  Familien Szepsy har laga vin i området sidan 1500-talet, og István meiner at området – med svært kompleks mineralsk berggrunn – ikkje berre kan produsera vin med ei tydeleg adresse, men kvitvin i verdsklasse.

 

P1040838

Mád Tokaji Furmint 2015

Glaspropp i staden for kork. Syrleg og delikat snute. Sitron, syrleg eple, våt stein, limezest og parfymerte blomstertoner frå nyopna flaske. Lukkar seg fort og treng ein pause på karaffel for å syna potensialet.

Sexylubben munnkjensle. Leskande smak. Jamn smakskurve med raude eple, salt sjø og eit lett urtepreg. Litt anonym og kort avslutning som kanskje luft vil hjelpa med. Etter nokre timar kjem lengde og syre gradvis med epleskrell og spiss sitron.

Kul vin. Kan minna om ein fyldig og syrleg riesling eller norditaliensk kerner, men har eit meir salt mineralpreg. Fungerte fint med laksekaker, men eg trur dette er ein vin som står seg best saman med kvit fisk. Mád Tokaji Furmint 2015 er tilgjengeleg i basisutvalet for like under 200,-

P1040841

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Vinbladet 5 – 2016
http://www.madabouttokaj.com/en

Ein tanke på “Mád Tokaji Furmint 2015

Leave a Reply