Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Eg trudde intuitivt at amerikansk pet-nat hadde med neste steg i mikrobryggerikulturen i Sambandsstatane å gjera, men så finn eg dette:

“I believe the Catawba will make a superior Champaigne wine.”

Året er 1847, sitatet er frå Nicholas Longworth – pioner i amerikansk vinproduksjon – og omhandlar musserande vin frå Ohio(!) laga av catawbadrua(!). Av dette sluttar eg at det USAnske sjølvbildet var stort også for 170 år sidan.

Anyways, i Monterey, California – nærare bestemt i Salinas Valley – har italienske malvasia bianca funne seg ein ny heim i den nye verda hjå Birichino. Forøvrig er namnet – til liks med Häagen-Dazs – konstruert, men i motsetnad til isprodusenten betyr det i det minste noko…

P1050009
I følgje heimesida er det tilførd ørlite muscat canelli  for å hjelpa med boblene sjølv om polet seier 100% malvasia. Forøvrig er det minst mogleg intervensjon, spontangjæring og nøytrale lagringsmedium som gjeld. ’…our low-fi traditional méthode instead imbues each bottle with its own slightly different character…’  eller vi-får-ikkje-til-konsistent-flaskeproduksjon-og-romantiserer-metodefilosofien-i-staden… Jaja, så lenge *mi* flaske er god så tilgjev eg det meste…

P1050027

Bruskork. Mykje bobler til å vera perlande vin – eg har hatt musserande med mindre fizz enn dette. Ufiltrert. Parfymert snute med liljer, litt honning og sursøtt smågodt frå nyopna flaske. Duft av bakegjær og misosuppe blir litt overveldande – roer seg heldigvis med litt tid i glaset. Smørbukk-karamell, søtlege frukttonar. Ganske delikat etter kvart.

Sexylubben munnkjensle og frisktbittert anslag – som å setja tenna i ein grapefrukt – glir fort over i søtare appelsin, tørka aprikos, salt sjø og bitre urter. Sylta frukt i ei lang og lagvis kompleks,  men ikkje veldig syrleg avslutning.

Artig vin og fin øving i å identifisera ulike bitre smakar, men eg er litt usikker på kva matfølgje som passar til denne vinen.

Kronos Quartet – Folk Songs

P1050007

Kronoskvartetten blir ofte kalla samtidsmusikkens Fab Four, men eg syns det er ei urettferdig samanlikning. Trass alt har Beatles aldri framførd over 750 verk dei har fått skrive til seg, gjeve ut 60 plater, turnert i over førti år og pløgd overskotet tilbake i eit non-profittselskap som støtter unge komponistar. Undervegs har Kronos spelt ville eksperiment, meksikansk folkemusikk, Jimi Hendrix, jazz, tango, filmmusikk til Heat og Requiem for a Dream, og opptrådd live med Tom Waits og David Bowie. Mellom anna…

Sjølv var eg heldig nok til å sjå dei hjå Bergen jazzforum på Maxime(!) i 1992, noko som sette varige spor i minnet. Fire musikarar i verdsklasse spelte musikk foran meg som eg knapt trudde var teknisk og musikalsk mogleg –under konserten stengde baren og det var røykeforbod (Jepp, kids – vi røykte inne når vi var ute i gamle dagar…), ikkje fordi kvartetten var moralistiske, men fordi musikken er så kompleks at dei ikkje kunne la seg distrahere av glasklirr eller lighterglimt frå salen.

I 2014 fylte plateselskapet deira – Nonesuch – 50 år, og det vart feira med tradisjonelle songar i nye arrangement frå den amerikanske songskatten og med Sam Amidon, Olivia Chaney, Rhiannon Giddens og Natalie Merchant på vokal. No er musikken gjenskapt i studio og sloppe på plate denne veka.

And I got drunk in the city
I stumbled out her door
And threw her arms around me
She bid me come back no more

Fascinerande nok heldt kvartetten seg i bakgrunnen til dei trengs for å understreka noko i teksten. Her får vokalistane og lyrikken dei beste stolane, noko som får meg til å oppdaga kor dystre tekstane er. På Oh Where får kjærasten nok av drikkinga. Ein utruleg vakker versjon av Ramblin’ Boy understrekar den irske påverknaden i amerikansk musikk, og saman med The Butcher’s Boy understrekar det såre i einvegs kjærleik. Factory Girl  tematiserer klasseskilnad og slepp Kronos til i større grad – følg med når Rhiannon Giddens syng ‘a thousand young butterflies darkened the sun’ korleis strykarane understrekar desperasjonen.

And the second time I met my love
I thought that her heart was surely mine
But as the season changes
My darling girl has changed her mind

Side to starter med leiken, instrumental gampefunk i kompet, medan solist (og stiftar av Kronos Quartet) David Harrington dessverre lét litt stivt. I See the Sign blir litt anonym før Montagne, que tu es haute får meg til å innsjå at Olivia Chaney er verdas beste vokalist. Dette er sjølvsagt før Johnny Has Gone for a Soldier, som får meg til å innsjå at det heller er Natalie Merchant som er verdas beste vokalist. Lullaby avsluttar ei fantastisk plate med ein versjon som heller vil ha deg til å danse enn å sove.
Superb plate. Om du har det minste sans for det sentimentale eller vakker vokal eller vakre strykeinstrument så er dette gull.

P1050023

Kjelder:

www.birichino.com/
www.sfgate.com
www.nonesuch.com
http://www.kronosquartet.org/

3 tankar på “Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015

Leave a Reply