Colares Chitas 1998

Got a secret
Can you keep it?
Swear this one you’ll save
Better lock it in your pocket
Taking this one to the grave

P1050117-001

Colares Chitas 1998

Innimellom dukkar det opp «ferdiglagra» vin på polet, der kvalitet overgår pris.  Etter mykje merksemd selde både 1996 og 1997 av denne vinen fort ut. No er 1998 lansert  i bestillingsutvalet utan ståhei, og per i dag har importøren ca 1900 flasker på lager.

For dei som har vore på Portugalferie til Sintra og sett utover Atlanterhavet, så har dei ein ide om korleis det er å vera vinbonde i området: sand (Til gjengjeld er dette mellom få stader i fastlandseuropa som unngjekk phylloxera.) som trua med å begrava dei som gravde grøfter til drueplantene frå ramisco, som forøvrig har så tjukt skal og høgt tannininnhald at vinen bør lagrast i minst 10 år før konsum. I moderne tid er presset i frå investorar som heller vil byggja feriehus i vinmarkane så høgt at mange har gitt opp. Med heller få odelsgutar eller -jenter klare til å overta, er det ikkje sikkert vi får glede av vin herifrå så mykje lenger.

P1050127-001

Nyopna flaske duftar skinnjakke, rips og litt støvete. Etter kvart kjem raudt epleskrell, sigarskrin og eit (litt for) intenst preg av hengt viltkjøt. Med litt luft runder vinen av og plommer, kaffi og nellik dukkar opp.

Gjev lite av seg i munn rett frå opning. Med tid kjem tørka frukt og raude eple, avsluttar fint med ripsaktig syre. Etterkvart blir eg minna på at dette er ein vin som vinn på å bli lufta godt. Med ein strafferunde i karaffel kjem både plommer og mjølkesjokolade medan ei deileg syre avsluttar saman med tørka krydder.

Holdt fint følgje med hjortebiff – kanskje ørlite mindre konsentrert enn forrige år, men stadig ein fantastisk elegant vin.

P1150240-001

Hedvig Mollestad Trio – Black Stabat Mater

Det går sjølvsagt an å omtala Hedvig Mollestad Trio som ein gitarbasert powertrio, men det gjev omtrent like presis informasjon som å sei at Koenigsegg er ein bil. Objektivt sett korrekt, men utelét det meste av vesentleg informasjon.
Trioen har haldt det gåande sidan 2009 og ønskjer å vera eit jamstilt band, ikkje ein gitarist med musikarar i bakgrunnen. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke og Hilde Kjersem. Bassist Ellen Brekken er overalt, medan Ivar Loe Bjørnstad også har trommekrakken i Cakewalk.

P1150219-001

«Det er uinteressant om det er jazz eller rock. Det handler om hva som er energimusikk»
(HM til Jazznytt 03.13)

Approaching/On arrival startar skittent som ein naturvin frå Vej – vrengte gitarakkordar gjev rom for bassgitaren til Ellen Brekken som her høyrest ut som Jack Bruce i ein gjenoppdaga jamsession frå Apostrophe ’ før gitaren tar over i eit slags Terje Rypdal møter Iron Maiden, der melodi flyt over intens groove. Neste del drar assosiasjonar til Mike Keneally/Bryan Beller, eller kanskje Rush, med rytmisk kompliserte melodilinjer saman i bass og gitar. Halvvegs inn i første plateside roer det heile seg tilsynelatande med lange, dronete feedbacklinjer før Ivar Loe Bjørnstad går peak Animal på trommer. Der førre plate var meir riffbasert er vi no godt inne i den mildt sagt friare delen av progrocken. Etter 14m16s er Side A ferdig, eg er allereie fillerista og snur plata lett nervøst.

P1150267-001

Side B startar med eit intenst riff i In The Court Of The Trolls. Eg tenkte før stiften traff plata at tittelen kunne vera eit nikk til King Crimson – ei skeiv taktart som eg trur er 11/8 kan underbyggja dette, men melodilinjene oppå gjev meg ein Terje Rypdalsk vibe. Etter råkjøret blir -40 ein ekstrem kontrast med neddempa minimalisme – tankane går til Pat Metheny eller kanskje heller Silent Movies-plata til Marc Ribot. På sistelåta er vi i eit rytmisk skeivt Black Sabbath-land der fuzzkontrabass(!) og seige trommer legg ein raud laupar under lange Hendrixske gitarlinjer.

Eg ser at referansane heng laust, men intensjonen er å syna kor breitt trioen famnar – dette er musikk som like mykje peikar framover som dei hentar inspirasjon frå fortida, og som kan finna plass hjå både prog-, jazz-, og metallfans.

 

3 tankar på “Colares Chitas 1998

Leave a Reply