Tour de France 2017 – Etappe 7 – Ei etappe for Pinot?

7. etappe får hjelp av trykket frå seks atmosfærer, i det champagnekorkane og startskotet går. Kven som startar i gul Troyes er sjølvsagt viktig, men det er inn mot grand cru-vinmarkene i Gevrey, Morey og Vougeot at det gjeld å henge med. Her er det rikeleg med pinot, men kanskje vil Thibaut Pinot eller Cedric Pinot (Team FDJ) stikke frå? I Gevrey-Chambertin syklar ryttarane inn på gode gamle RN74, eller D974 som vegen heiter i dag. Ved Vougeot tek ein avstikkar austover, til Abbaye de Citeaux, Cistsiensermunkane sitt moderkloster, som vart grunnlagd i 1098. Om munkane står klare med matstasjon og serverer honning og ost frå klosteret, er usikkert. Men no er ryttarane snart i mål, så kjivinga om å posisjonere seg til spurten har nok byrja. Rett nord for Corton, ved Corgoloin syklar eventuell tetgruppe og hovudfelt inn att på D974. Dei susar forbi kalkbrotet i Comblanchien. Dei får nok ikkje med seg at dei syklar forbi Domaine d´Arlot, som var drive av Jean Pierre de Smet i nesten 20 år, før allestadsnærverande Christian Seely kjøpte det i 2007. No kjem det ein oppoverbakke ved byen Premeaux-Prissy. Dei syklar forbi reklameskilt for Domaine de Vougeraie. Til venstre ligg den ganske bratte vinmarka Clos des Argillières og på høgre hand ligg hovudkvarteret til Domaine Michèle et Patrice Rion. Her gjer vi ein rast, medan ryttarne kjem seg over bakketoppen og får fleire monopolvinmarker på venstre side av vegen, før det vert slak unnabakke ned mot spurt og målgang i byen Nuits-Saint-George.

DSC_5624

Patrice byrja i familiefirmaet Daniel Rion, men vart usamd med broren i saker og ting og danna saman med kona sitt eige domaine i 1990, medan han framleis var aktiv i Daniel Rion. I 2000 flytta han inn i eigne produksjonsfasilitetar i Premeaux-Prissey. I tillegg til eigen vinmarker på etiketten Domaine Michèle et Patrice Rion, vert det tappa negociant-vin under namnet Patrice Rion. I 2005 vart sonen Maxime med i teamet til Patrice og kona. Vinmarkene er hovudsakleg i Chambolle-Musigny og Nuits-Saint-George. Den største parsellen ligg i Clos des Argillières, rett over vegen. Her eig Patrice både topp, midt og botn, 1,8 ha av totalt 4,22 ha, og det er ein geologisk forskjell på dei tre delane. Det er hovudsakleg kalkstein, med litt toppmasse. Det er Comblanchien-kalkstein, Premeaux-kalkstein og kvit oolittisk kalkstein. Dei tre ulike fargane, kan ein sjå inne på veggen i lokala til Patrice. Trass i moderat produksjon, har vinane vore lett tilgjengelig i Noreg. I Nuits-Saint-George har dei ei monopolvinmark som ligg nord for Argillières, Clos Saint Marc, på 0,93 ha og 1,3 ha i Terres Blanches, planta med 90% chardonnay og 10% pinot blanc.

DSC_5660

Vinmakinga er ganske standard. Etter hausting vert frukta sortert på to sorteringsbord. Fyrst heile klasar. Så vert druene avstilka, og vert sjekka på neste sorteringsbord. Gjæring i ståltank med ein startkultur, pied de cuve, til maks 32 grader. Patrice likar å halde vinen på den reduktive sida, altså minimal oksygeneksponering. Så er det skulegang i 15-18 månader på eik. Ca 10% nye fat på dei enklare vinane, og 50% nye på premier cru. Rion har vore ein pionér med skrukork i Burgund, og har nokre av dei enklare cuvée-ane med skrukork, spesielt til den britiske og norske marknaden.

Her er eit par vinar eg smakte ved eit besøk i november 2014.

Nuits-Saint-George 1. cru Les Terres Blanches 2012, Dom. Michèle et Patrice Rion

Lys strågul farge. Eksotisk og fruktig på lukt. Mykje sitrus som kumquat, lime, sitron og noko fat. God syre. Interessant vin, som faktisk viser litt Nuits-Saint-George-terroir i kvit kjole. (14.11.14)

Nuits-Saint-George 1. cru Clos des Argillières 2012, Dom. Michèle et Patrice Rion

Medium mørk burgundfarga. Lett på foten, open og elegant vin. NSG frå Rion er generelt ikkje så tette og lagringskrevjande som ein del andre vinar i området, spesielt frå vinmarker lengre nord. Litt reduktiv og uforløyst. Her er også ein del fat som enno ikkje er heilt integrert. Vil nok bli strålande om nokre år. (14.11.14) Kostar 595,- i dag og det vert vel berre dyrare i framtida. Eg har trua på denne, og har lagt nokre unna til seinare.

DSC_5615

Quiz: Kva er Frankrike sin minste appellasjon?

2 kommentarer om “Tour de France 2017 – Etappe 7 – Ei etappe for Pinot?

  1. Strålende innlegg! Svar på quizen tipper jeg er en av de to «enkeltvinmarks-appelasjonene» i Frankrike. Dvs enten ch Grillet eller DRC. Siden DRC er dyrest og mest berømt går jeg for den.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s