Tour de France 2017 – 9. etappe – Eitt glas pr Persan

9. etappe, går frå Nantua til Chambéry. Nantua er ein liten by i departementet Ain, midt mellom Lyon og Genève i Sveits. Departementet Ain er elles kjend for gastronomi, med fleire flotte restaurantar og ikkje minst kylling. Poulet de Bresse er kylling med eigen AOC, ein appellasjon som ligg rundt byen Bourg-en-Bresse og er om lag 40 X 100 km. Her vert det årleg ala opp 1,2 millionar kyllingar frå ein kvit hønserase kalla Bresse de Bény. Kyllingane vert slakta når dei er minimum 4 månader og 1,2 kg. Kyllingane går fritt og får i tillegg til fôr, ete insekt som dei finn. Dei siste to veke vert dei fôra intensivt med mais og mjølk, for å feite dei opp.

Men målgang er altså i Chambéry, som ligg midt i vindistriktet Savoie. Eg tør vedde på at Savoie er ganske ukjend for dei fleste i Noreg. Sjølv hardbarka vinofile vil nok ha problem med å nemne alle dei lokale druesortane eller kome på nokre av landsbyane som har sin eigen cru, og får skrive det på etiketten. Kor tid drakk du sist ein vin på Jacquère, Altesse, Chasselas, Grignet, Mondeuse eller Persan?

Savoie ligg i Alpane, og er nok meir besøkt som skidestinasjon enn vinområde. Men her er altså ei mengd ulike vinstilar på til dels svært ukjende druesortar. Sjølv har eg vore borti enkle, lette raudvinar på Mondeuse. Men det er meir kvitvinsproduksjon enn raud, rosé og musserande. Så kanskje er det på tide å finne ut om for eksempel vin på Altesse kan setje i gang gode opplevingar ved karaffelen?

DSC_1960

Representanten for Savoie på denne turen, er ein raudvin på drua Persan. Jaudå, det blir sært dette her, men heng med. Det kan jo hende det vert lærerikt! Druesort-autoritetane bak boka Wine grapes, Robinson, Harding og Vouillamoz, skriv at det berre er 9 hektar med Persan i Frankrike. Alt er innanfor appellasjonane Vin de Savoie og IGP Isère Balmes Dauphinoises i departementa Savoie og Isère. Det er også noko Persan i Piemonte, under det lokale namnet Bécuet. Over grensa i Sveits, finst det og nokre planter med Persan i Gèneve.

Persan 2015 IGP Isère Balmes Dauphinoises, Nicolas Gonin

Rubinfarga med litt bruning i kjernen og lys lilla kant. Lekker og presis lukt av syrlige, ferske knuste raude bær. Bringebær, rips, litt urter og bacon. Uttalt syrlig vin i anslaget. Fruktig og god. Minner om ein tenkt miks av syrah og sangiovese. Frisk vin med mjuke tanniner. Leskande, og lite tørring i finish.

DSC_2097

Quiz: Kva druesort er planta på størst areal i Frankrike?

En kommentar om “Tour de France 2017 – 9. etappe – Eitt glas pr Persan

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s