Tour de France 2017 – 10. etappe – Der hestene bites

10. etappe startar i Périgeux og er ganske flat. Det er to fjerdekategoristigningar. Etappen er 178 km og vert avslutta i Bergerac. Kanskje er dette ein etappe for Edvald Boasson Hagen? Etter ca 40 km vil ryttarane passere Montignac og Grotte de Lascaux, som hyser 600 grottemaleri frå 17 000 år tilbake.

Bergerac ligg i Dordogne, og elva med same namn renn gjennom byen. Ein dryg time med bil nedstraums ligg Libourne, og litt lengre ned møter Dordogne elva Garonne, og renn ut i Gironde-fjorden. Her flyt vatnet sakte forbi fornemme slott i kommunane i Medoc, på veg mot saltvatnet i Biscayabukta. Men her oppe, langt frå nattklubbar i Bordeaux,  utanfor en-primeur-sirkuset, utanfor nyrenoverte kjellarar med downlight og fliser på golvet, er det få euro-millionærar i vin. Her er det dei same druene og vinstilane som i Bordeaux, men vinane er enklare på smak og vanskelegare å selje.

Dei raude er stort sett laga på ein miks av Cabernet Sauvignon, Merlot og Cabernet Franc. Malbec vert også brukt. Dei kvite er både tørre og i ulike søte variantar. Då er det Semillon, Sauvignon Blanc og Sauvignon Gris som gjeld. Litt Muscadelle finn av og til vegen til eit gjæringskar. Jordsmonnet består av eit lag med mergel og leire frå epoken eocen, med massar av stein, grus, sand og silt over.

DSC_2115

Representaten frå Bergerac er bergensk. Katharina Mowinckel reiste til Frankrike for å bli verdas beste sprangryttar. Det gjekk ikkje, men det blei eit vineventyr i staden for. I 2003 sette ho i gong med å rive opp vinstokkane på naboeigedomen til foreldra sitt feriehus. Her tok ho over etter ein kar som hadde drive økologisk, og det har ho fortsett med.   Det var berre det at kvaliteten på vinstokkane og plantetettleiken var feil.

Eigedomen ligg 15 km aust for Bergerac. Katharina har no 6,2 hektar og ein årsproduksjon på mellom 12 000 og 20 000 flasker. I vinmarkene er det 3000 til 5500 vinstokkar pr hektar. Utbytte for raudvinen ligg på 30-40 hl/ha, medan for den søte Saussignac er det nede i 10-12 hl/ha.

Cuvée K Rouge 2014, Katharina Mowinckel

Vinen er mørk raud med lillaskjær. I nasen får eg eit behagelig, litt søtt, mjukt og fruktig anslag. Mørke bær, nougat, kjøt og eit lite alkoholstikk. Mjuk vin i fyrste omgang. Balansert. Fruktig og med passe fast struktur. Mørke bær, bittelitt eik og snev av tørring i finish. Godt handverk og godt kjøp til 162,- Smakt frå Riedel Bordeaux-glas heime, 21.06.17

Quiz: Kva for eit av Frankrike sine 97 departement har størst planta vinmarksareal?

DSC_2163

Leave a Reply