Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016

P1050137

For elleve år sidan – før eg visste eg var vininteressert – endte eg tre netter hjå Solar de Serrade i nordportugal. Eg var relativt indifferent til det som skjedde rundt meg sjølv om det var midt i druehausten, og var meir opptatt av å leika med den halvblinde gardshunden enn å vurdera korleis ulik bruk av gjær prega vin, noko som vingarden har utforska grundig. Om ikkje anna var det her eg la frå meg vørdnaden for vinprodusentar og innsåg at dei berre er gardbrukarar som får kjeft hjå tantene når dei går innomhus med støvlar.

Old and cross-eyed, Solar de Serrade, Moncao
Old and cross-eyed, Solar de Serrade, Moncao

Solar de Serrade tar overnattingsgjestar inn i kva som mest ser ut som eit  museum – eg førestiller meg at dette er det portugisiske svaret på De Historiske Hoteller. Den restaurerte villaen frå midten av 1600-talet inkluderer eit kapell, har husa nobilitetar gjennom århundrene og har tatt vare på arven i typisk Alto Minho-arkitektur.

Åja, vin…

Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016

Søte pærer, saltstein, florale toner, sitrondrops, litt gjær som rusker det til, men jamt over delikat snute.

Rundt anslag, lubben munnkjensle. Søt frukt, honning, pære og litt bitre urter. Med lufting kjem det meir syre, men i ein ellers fin vin saknar eg litt meir lengde. Likevel stadig supert kjøp til rundtom 170,-

P1010065

Leave a Reply