Tour de France 2017 – 16. etappe – Tommy og Tigern, Martin Luther og granitt

16. etappe går frå Le Puy-en-Velay inne i fjella Massif Central, gjennom Ardèche og austover over elva Rhône og til Romans-sur-Isère i departementet Drôme. Sjølv om etappen startar på 615 moh, vert det klarting. Det er ein klatring i 4. kategori og ein i 3. kategori. Høgste punkt er 1250 moh, medan målgang er på 164 moh. Her blir det med andre ord fine sjansar til å øve på utforteknikken, for ryttarar som eventuelt kjenner på at det ikkje er deira sterkaste side.

Så, kva gjer teikneserien til Bill Waterson, reformatoren frå Eisleben som delte kristenverda for 500 år sidan, og den magmatiske bergarten granitt, her i ein artikkel om franske vinar og sykkelsport? De har nok resonnert dykk fram til at det er vin det handlar om. Eitt poeng. Men eg vil byrje med det mest handgripelige, granitt, før eg går vidare mot metafysikken. Massif Central er eit digert fjellområde, og fjellet er mykje granitt. Lengst aust, kjem elva Rhône og deler nordre del av Rhônedalen sine vindistrikt i to geologiske tidsepokar og samansetningar. Dei områda som ligg på Rhônen si veste breidd, har hovudsakleg granitt i botnen, og vinen vil bere preg av det. Dei vinstokkane som er planta på austre breidd, har sine røter i grus og stein som er transportert ned av breane som dekte Alpane. Under dette er det sediment frå epokane miocen og pliocen. Unnataket er vestre del av Hermitage, denne flotte appellasjonen på berre 136 hektar, der Syrah-drua når sitt mandigaste potensial. Den sørvestvende bratte delen av Hermitage, kalla Les Bessards, er granitt frå Massif Central. Mykje av den beste raude Hermitage-vinen har druer frå bakkane her i miksen. Det finst også rein Bessards, som Delas sin Les Bessards, og Chapoutier sin Le Pavillion.

Men eg hadde tenkt å halde meg i Ardèche, og då må vi gå over gangbrua til tvillingbyen Tournon. Her er vi i hjartet av appellasjonen Saint-Joseph, som strekk seg sørover mot Cornas og St.-Peray og heilt nord til Condrieu. Ein liten del av Condrieu ligg i Ardèche, medan resten ligg i departementa Loire og Rhône. Sør for St.-Peray ligg nokre landsbyar med vinproduksjon, slik som St-Alban en St-Julien, som har appellasjon Côtes du Rhône. Frå Cornas og nordover er det Syrah som gjeld for raudvin, medan Côtes du Rhône-landsbyane kan bruke Grenache og andre raudvinsdruer som er assosiert med det sørlige Rhône.

Kva skil Ardèche frå dei andre departementa i området? Jo, det har vore eit området med mykje protestantar i eit elles katolsk Frankrike. Då har vi med Luther, og i år er det 500 år sidan han slo opp tesene sine på kykjedøra i Wittenberg og sette i gong reformasjonen. Den franske reformatoren Jean Calvin, fekk mykje å seie for protestantane, eller hugenottane som dei vart kalla i Frankrike. Og då har vi med den fantasifulle og rebellske teikneseriefiguren Tommy. For på originalspråket heiter han Calvin og er oppkalla etter Jean Calvin.

Er det så nokon skilnad på vinane frå Saint-Joseph som ligg i Ardèche, og til dømes Crozes-Hermitage, som ligg i Drôme? Har 500 år med Luther og Calvin endra noko?

DSC_2109

M i M. Chapoutier står for Michel. Og det er ein kar som ikkje er redd for litt konflikt. Men familien Chapoutier starta opp alt i 1808. Kvaliteten har vore svært variabel. Michel Chapoutier driv i dag eit svært suksessfullt familieforetak med base i den vesle byen Tain l´Hermitage. Her eig han flotte vinmarker i åsen bak byen, og vinen Hermitage som kjem herifrå, vart tidlegare kalla Frankrikes mandigaste vin. Men suksessen har vore dyrekjøpt. Michel byrja å arbeide med familien sine vinar i 1987, og hadde ansvaret for vinifikasjon, medan far og bror hans, tok seg av lagring og ferdiggjering av vinane. Det var Michel sin bestefar Marc som framleis var formell eigar av firmaet, men no var det tid for å gje over roret til sonen Max. Michel var usamd i måten som firmaet vart drive, og sa til bestefar sin at anten så ville han kjøpe heile firmaet, eller slutte å arbeide for familien. Michel, 26 år den gongen, fekk det som han ville. Det fyrste han gjorde, var å sparke resten av familien frå arbeidet i firmaet, inkludert sin eigen far. Det vart ein tøff start, men sakte men sikkert har M. Chapoutier vorte ein stor og viktig aktør i både Nord- og Sør-Rhône. Chapoutier var også tidleg ute med å ha blindeskrift på etikettane. Dette vart innført frå 1996-årgangen på alle vinane.

Appellasjonen Saint-Joseph har namnet sitt frå ei vinmark som ligg mellom Tournon og Mauves. Saint-Joseph fekk AOC-status i 1956, og då var det vinmarker kring landsbyane Glun, Mauves, Tournon, Saint Jean de Muzols, Lemps og Vion. I 1969 var talet på landsbyar med appellasjonsstatus kome opp i 25. Og vinmarksarealet har auka frå 97 ha i 1971 til 640 ha i 1992. I dag er det om lag 1211 ha i produksjon.

I Saint-Joseph har Chapoutier vinmarker i det gamle kjerneområdet mellom Mauves og Tournon. Her er det bratte vinmarker med ryggen mot mistralen og sola i fjeset. Mange vender mot søraust. Chapoutier lagar fire ulike raude Saint-Joseph. Dei to toppvinane Le Clos og Les Granits, kjem frå eigne vinmarker ved Tournon og vert laga i nokre få tusen flasker. Dechants og Les Granilites kjem i litt større opplag, med frukt frå eigne vinmarker og innkjøpte druer.

DSC_2173

Saint-Joseph Dechants 2014, M. Chapoutier

Fargen er mørk rubinraud og vinen er transparent. Lukta ber preg om ein open, fruktig og rein stil. Moderat uttekk. God lukt av sursøte mørke bær, rå potet, oregano og bacon. Typisk syrah frå Nord-Rhône. Fruktig og elegant også i munnen, med finslipne tanniner som kjem fyrst i slutten av smaken. Diskret eik, som nok vil bli endå betre integrert med nokre år på langs. Pen syre. Eg har notert lettvektar, men det høyrest litt negativt ut. Samanlikna med ein del Crozes-Hermitage, er denne meir elegant og uanstrengt i munnen. Det kan sjølvsagt vere litt produsentstil, men kan det også vere ein protestantisk strengheit? Uansett ein fin representant for syrah frå Nord-Rhône til ein overkommeleg pris. (239,90)

Vinen vert mogna i 18 månader på kombinasjon av tank og eikefat.

Quiz: Kva er den største kommunen i Frankrike? Hint: 758,93 km2 og ligg der er elv deler seg i to.

En kommentar om “Tour de France 2017 – 16. etappe – Tommy og Tigern, Martin Luther og granitt

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s