Tour de France 2017 – 16. etappe – Tommy og Tigern, Martin Luther og granitt

16. etappe går frå Le Puy-en-Velay inne i fjella Massif Central, gjennom Ardèche og austover over elva Rhône og til Romans-sur-Isère i departementet Drôme. Sjølv om etappen startar på 615 moh, vert det klarting. Det er ein klatring i 4. kategori og ein i 3. kategori. Høgste punkt er 1250 moh, medan målgang er på 164 moh. Her blir det med andre ord fine sjansar … Fortsett Tour de France 2017 – 16. etappe – Tommy og Tigern, Martin Luther og granitt

Tour de France 2017 – 11. etappe – Béarnaise og søtsaker

11. etappe vert trakka i gang i den vesle byen Eymet, sør for Bergerac, og går over 203,5 km. Dette er den siste flate etappen før rittet går inn i nokre harde dagar i Pyrenéeane. Målgang er i Pau, i området som tidlegare var provinsen Béarn. Det er truleg herifrå namnet til Béarnaisesausen kjem ifrå. Sausen vart fyrste gong laga på restaurant Le Pavillion Henri … Fortsett Tour de France 2017 – 11. etappe – Béarnaise og søtsaker

Tour de France 2017 – 10. etappe – Der hestene bites

10. etappe startar i Périgeux og er ganske flat. Det er to fjerdekategoristigningar. Etappen er 178 km og vert avslutta i Bergerac. Kanskje er dette ein etappe for Edvald Boasson Hagen? Etter ca 40 km vil ryttarane passere Montignac og Grotte de Lascaux, som hyser 600 grottemaleri frå 17 000 år tilbake. Bergerac ligg i Dordogne, og elva med same namn renn gjennom byen. Ein … Fortsett Tour de France 2017 – 10. etappe – Der hestene bites

Tour de France 2017 – 9. etappe – Eitt glas pr Persan

9. etappe, går frå Nantua til Chambéry. Nantua er ein liten by i departementet Ain, midt mellom Lyon og Genève i Sveits. Departementet Ain er elles kjend for gastronomi, med fleire flotte restaurantar og ikkje minst kylling. Poulet de Bresse er kylling med eigen AOC, ein appellasjon som ligg rundt byen Bourg-en-Bresse og er om lag 40 X 100 km. Her vert det årleg ala … Fortsett Tour de France 2017 – 9. etappe – Eitt glas pr Persan

Tour de France 2017 – Etappe 7 – Ei etappe for Pinot?

7. etappe får hjelp av trykket frå seks atmosfærer, i det champagnekorkane og startskotet går. Kven som startar i gul Troyes er sjølvsagt viktig, men det er inn mot grand cru-vinmarkene i Gevrey, Morey og Vougeot at det gjeld å henge med. Her er det rikeleg med pinot, men kanskje vil Thibaut Pinot eller Cedric Pinot (Team FDJ) stikke frå? I Gevrey-Chambertin syklar ryttarane inn … Fortsett Tour de France 2017 – Etappe 7 – Ei etappe for Pinot?

Tour de France 2017 – 5. etappe – 2x Rangen

5. etappe, 160,5 km frå Vittel til La Planche des Belles Filles. Her tøyer eg våre eigne reglar for denne artikkelserien, nemleg at ein etappe skal starte, gå igjennom eller slutte i eit vindistrikt. Men med tanke på kor langt enkelte ryttarar har sykla utanfor deira regelverk, spesielt når det gjeld legeassistert blanding av “sportsdrykk”, så tek eg dette med stoisk ro. Målområdet på fjelltoppen … Fortsett Tour de France 2017 – 5. etappe – 2x Rangen

Tour de France 2017 – Prolog

1. juli er det igjen klart for sykkelrittet Tour de France, og i år er det 104. utgåve. No som rittet vert dekka i alle slags media og er eit veritabelt utstillingsvindauge for eit av verdas mest besøkte land, er det klart at borgarmeistrar og andre lokale styresmakter i dei 18 regionane, 97 departementa, 342 arrondissementa, 2054 kantonane og dei 36 658 kommunane ønskjer seg … Fortsett Tour de France 2017 – Prolog