Cloudwalkers?

Stå utanfor og kritisere, eller bli med og forsøke å forandre frå innsida. Dette er eit dilemma som vi kan støyte på i våre liv. I politikken, samfunnet eller arbeidslivet er det fleire måtar å oppnå endring. I det sentralstyrte Frankrike kan det verke som eit uoverstigeleg hinder å forsøke å riste i lokale AOC-reglement- og styresmakter. Er det rart det finst naturvin? Natur eller … Les meir Cloudwalkers?

Sosialist-Champagne. No!

Eg hatar champagne. Eg elskar champagne. Industriell storskala-vin blir framstilt som luksus. Avkasting i vinmarkene på linje med stader der druer går til destillering. Chaptalisering over ein låg sko. Hemmeleghald om kvar druene kjem frå og produksjonsvolum. Det er ikkje mogleg å deklassifisere vinen til IGP eller Vin de France. Alt er topp skår. Champagne har eit forklaringsproblem. Nokon må gå. Churchill og Stalin Eit … Les meir Sosialist-Champagne. No!

4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!

Det er ikkje mange som blir den æra til del, at namnet kjem inn i ordboka som verb. Louis Pasteur er ein av dei, og i dag er det 200 år sidan han vart fødd i Dôle i Jura. Livsviktig Men det er ikkje berre pasteurisering som står att etter denne vitenskapsmannen. Han verka innan fleire felt, og hadde den fyrste vaksina mot rabies. Som … Les meir 4 nyansar av gult III/Louis Pasteur 200 år!

Vive la Revolution!

Innan idretten er det ei stor grad av spesialisering og jag etter rekordar, særskild i individuelle greiner i friidrett og symjing. Det er enormt mange som driv med 100m, 200m, 1500m eller marathon, og å kunne nærme seg dei beste eller å slå verdsrekorden er eit stort mål. Vinverda har òg aktørar som uavhengig av kvarandre, og av og til ufrivillig bidreg til einsretting eller … Les meir Vive la Revolution!

Zweigelt 100 år!

Jaudå, det kan godt vere at framtid tilhøyrer piwis*, men enn så lenge regjerer pinot noir og chardonnay kloden med mjuk hand og smakfull suksess. Verdas mest populære druesortar ligg godt sementert, men innimellom dukkar det opp nokre nykomarar som klarer å bite seg fast. Mine damer og herrar, ta godt imot: zweigelt! Akseptert og elska Zweigelt feirar altså 100 år, og grunnane til eit … Les meir Zweigelt 100 år!

Gamalt nytt, 2x madeira

For oss i gruppa “Vi som ventar på flaskepost frå Madeira”, er det nesten for mykje av det gode når novembernyheitene på Vinmonopolet kunne fortelje om 21 nye varelinjer! Sterkvinen frå atlanterhavsøya lever eit nisjeliv eit godt stykke unna populære naturvinsbarar og vinfluensarar. Medan brorparten av produksjonen er i den enklaste typen estufa-laga med tre års alder, er det ikkje mange flaskene som forlet øya … Les meir Gamalt nytt, 2x madeira

Dommedagsvin

Uroa, krigen og frykten for at noko ukjend skal skje, er kome nærare denne hausten. Sabotasje på gassrørsystemet North Stream har fått oss til å auke beredskapen rundt eigne olje- og gassinstallasjonar. Men om nokon er villige til å skade infrastruktur til havs, kan dei ikkje då gjere skade andre stader òg? Det var ein artikkel i Morgenbladet denne helga som skildra Noreg sin manglande … Les meir Dommedagsvin

Vin til under 200-lappen

Flygarstreik, lærarstreik, høge gassprisar, krig i Ukraina, tørke i Europa, stigande rente og rekordhøg inflasjon. Krisene står i kø i 2022, og fleire av dei fører til mindre å rutte med for deg og meg. For nokon av oss har det kome så langt at vi må kutte i vinbudsjettet. Kva skal du drikke då? Her kjem Nattverden sine beste tips til gode vinar som … Les meir Vin til under 200-lappen