Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Pinot Noir er kanskje den fremste formidlar av vekststaden. Terroiret. Eit medium for ein liten geografisk flekk der det er spanande og særeigne trekk som gjennom gjæring av juicen vert openberra for dei med opne sansar og ope sinn. Men kva er terrior? Jordsmonn, soleksponering, høgd over havet, hellingsvinkel, lokal gjærsopp og den menneskelege faktor. Ja til alt. Men dette kan jo finnast på alle … Fortsett Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Urban miks

Endelause vinmarker. Grønt bladverk og mognande druer under. Blå himmel og kanskje ein skogkant på toppen av ein liten kolle, der vinmarka tek slutt. Ruralt landskap langt unna byens mas og kjas. Ein bonde i skitne skor, med sneipen i munnviken. Kanskje ei elv som slyngar seg i dalbotnen nedanfor vinmarkene. Du ser det for deg, ikkje sant? Eit vindistrikt, på landsbygda i sentraleuropa, der … Fortsett Urban miks

Familiekrøller og tørr vin

Den 28. september i 2016 gjesta Ernst Loosen Litteraturhuset i Bergen. Ute var det ti grader. Luftfuktigheita vaka som vanlig rett under 100%. Litt nedbør på morgonkvisten, medan bussen med underteikna seig sørover frå Sunnfjord og mot Bjørgvin. Vel framme og inne på Colonialen var det tørt. Både i lokalet og i glaset. Ærlige Ernst hadde teke med seg den tørre porteføljen. Alle som har … Fortsett Familiekrøller og tørr vin

Tidsmaskin i flaskeform

Nokre vinar har eigenskapen at dei kan verte utruleg gamle, men likevel halde seg vitale. Gamle flasker er små tidsmaskiner som har teke vare på gjæra druesaft frå eit år som for lengst er forbi. Men druene som vart til vin er levande materiale, og vi byrjar å leite i vår eigen hukommelse etter hendingar og opplevingar frå dette året. Om vi i det heile … Fortsett Tidsmaskin i flaskeform

Kvinne + vin = sant

I dag er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Er det behov for å gå i tog med parolar om fleire kvinnelege vinmakarar? Kanskje? Det finst nok både område, kulturar og familiar der jentene kjem i andre rekkje. Sønene får ta over roret når dei vert vaksne, døtrene får kanskje ein kontor- eller salsjobb. Det finst svært mange kvinner som lagar vin i dag, og … Fortsett Kvinne + vin = sant