Vin & vinyl

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015 Eg trudde intuitivt at amerikansk pet-nat hadde med neste steg i mikrobryggerikulturen i Sambandsstatane å gjera, men så finn eg dette: “I believe the Catawba will make a superior Champaigne wine.” Året er 1847, sitatet er frå Nicholas Longworth – pioner i amerikansk vinproduksjon – og omhandlar musserande vin frå Ohio(!) laga av catawbadrua(!). Av dette sluttar eg at … Fortsett Vin & vinyl

Vin & vinyl

EGGE GÅRD ONE (2015) Bønder spelar kanskje ikkje tennis, men sjampanje lagar dei, sjølv om det ikkje er lov å kalla det for slikt. I Buskerud, nærare bestemt på Egge har garden – mest kjend for jordbær epler og eplesider – stadig utvida sortimentet med diverse brennevin og kritikarrost dessertsider. Og frå 2016 musserande vin laga med sjampanjemetoden. I 2010 bestemte 12. generasjon Egge seg … Fortsett Vin & vinyl

Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Pinot Noir er kanskje den fremste formidlar av vekststaden. Terroiret. Eit medium for ein liten geografisk flekk der det er spanande og særeigne trekk som gjennom gjæring av juicen vert openberra for dei med opne sansar og ope sinn. Men kva er terrior? Jordsmonn, soleksponering, høgd over havet, hellingsvinkel, lokal gjærsopp og den menneskelege faktor. Ja til alt. Men dette kan jo finnast på alle … Fortsett Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Vin & vinyl

BÉNARD-PITOIS BRUT RÉSERVE I 1878 starta Bénard-Pitoisfamilien sjampanjeproduksjon. Som tredjegenerasjon har Michelle og Laurent drive garden sidan 1991, ikkje minst med å få godkjent parsellane som økologiske, ein prosess som framleis pågår. Tiltalande duft av raude eple, ein solfylt dag i skjergarden (minus diesel), og nybakt brød. Med tid litt honning og tørka frukt. Fyldig munnkjensle samstundes som syra reiser på førsteklasse. Som å bita … Fortsett Vin & vinyl