Regnvatn på rute og i glas

Det ser ut til å bli ein fuktig haust. Igjen. Altså ikkje fuktig som i sveiseblind grøftefyll helg etter helg fram til og med julebordssesongen, nei eg snakkar om veret. Fukta stig vertikalt ned til oss her vest, som ho har gjort i uminnelege tider. Men august har vore ekstra fuktig. Eg har nemleg sett på statistikken.

Det er 20. august i dag, og heile elleve dagar att i månaden for lågtrykka å sleppe ned meir fuktig ver til oss som bur der regnet likar seg. Til no i august har det på Botnen målestasjon i Førde, kome 277,2 mm. Normalen (1991-2020) seier 142,2 mm for august. Det er med andre ord fuktig, og vel så det. Kva er vel meir passande, enn å bli innandørs og skjenke seg eit glas med ein drikk som har namnet rainwater.

Vi skal til ei øy, som òg har ganske bra med nedbør, og som her i landet er ikkje nedbøren likt fordelt. Det regnar meir på nordsida og oppe i fjella, enn på sørsida. For rundt Funchal på Madeira ligg turisthotella tett i tett, med mykje sol og fint ver. Men altså vinstilen madeira rainwater: den skal vere bleikt gul, alkohol på 18 (mot ca 20 som er det vanlige for mange andre typar) og medium tørr. I gode, gamle dagar vart han gjerne laga på sorten verdelho, men i dag er det ofte ein rein tinta negra eller blanding av tinta negra og litt verdelho.

Soga seier (ifølgje Noël Cossart i boka Madeira, The Island Vineyard, 1984) at namnet rainwater fyrst vart brukt om madeira-vin på slutten av 1700-talet. Og det var firmaet til Francis Newton (Cossart-Gordon, etablert i 1745, no ein del av Madeira Wine Company, MWC) som fyrst gjorde pengar av regn. Det var slik at halvfulle fat med madeira vart ført ut frå stranda og til skip som låg på anker litt lenger ute. Menn skubba dei framfor seg, og så vart dei heist opp i skipet. Her vart halve fat tømt over i andre halve fat, og dei tomme fata vart så ført tilbake til stranda.

Og så var det ein gong at fat med vin vart liggjande på stranda over natta, utan at spunsen var sett i. Det kom då litt regnvatn ned i vinen, men han vart likevel sendt avgarde til Amerika. Vel framme vart vinen sett pris på, han var “pale and soft”. Francis byrja då å selje ein madeira som vart kalla Rainwater Madeira. Seinare vart stilen òg i bruk blant fleire madeira-hus.

Justino’s er den største produsenten på Madeira, men brorparten av vinen er enkel bulkvin til saus, og småflasker med enklaste tinta negra som går til Frankrike. Sidan 1994 har dei fått nytt produksjonslokale aust på øya, og ein del gode vinar har blitt lansert frå vinmakar Juan Teixeira. Ein flaskepost kom sildrande ned på mitt lokale post-i-butikk, frå havet i vest. Ei flaske med nytt regnvatn.

Justino’s Fanal Rainwater Old Reserve 10 Years Old

Medium oransje i farge. God intensitet, men ganske mjuk og var i anslaget. Det går mot kandisert appelsinskal, karamell, men òg røyk, lavastein, aceton og treverk. Mjuk og balansert madeira med lekker syre og lite fylde til ein madeira å vere. Middels søt, karamell, gamalt treverk, røyk, volatile syrer. Ganske lett og frisk, som vel er meiniga at rainwater skal vere.

Vinen er sett saman av 90% verdelho frå Porto Moniz (nordvendt) og 10% terrantez frå Ponta do Pargo (sørvendt). Begge vinmarkene ligg på vestsida av øya, 500 moh. Dei ulike bestanddelane har vore på 450 litersfat i armazém I og II. Vinen er blanda og laga av Nuno Duarte og Juan Teixeira. Tappa i 2000 flasker (50cl) 17.11.23. Restsukker på 56 g/l. Ikkje tilgjengeleg i Noreg på novernade tidspunkt.

Meir om madeira finn du til dømes her:

Leave a Reply