Vin & vinyl

Birichino Petulant Naturel Malvasia Bianca 2015 Eg trudde intuitivt at amerikansk pet-nat hadde med neste steg i mikrobryggerikulturen i Sambandsstatane å gjera, men så finn eg dette: “I believe the Catawba will make a superior Champaigne wine.” Året er 1847, sitatet er frå Nicholas Longworth – pioner i amerikansk vinproduksjon – og omhandlar musserande vin frå Ohio(!) laga av catawbadrua(!). Av dette sluttar eg at … Fortsett Vin & vinyl

Mád Tokaji Furmint 2015

Få stader er så forbunde med ein type vin som Tokaji, aust i Ungarn. For István Szepsy er det likevel ikkje nok å laga magisk dessertvin av druene. I Mád vil han også syna kva den regionale druesorten furmint kan by på i tørr variant utan edelråte. Furmint har overlevd trass dårleg behandling under kommunistungarn. Aukande etterspurnad for tørr vin kombinert med ambisiøse produsentar kan … Fortsett Mád Tokaji Furmint 2015

Dom. Lucci Vino Rosso 2015

-You’ve got to ask yourself one question: ‘Do I feel Lucci?’….Well? Do ya, punk? Frå chef i Ritz Carlton-konsernet til sommelier til læretid som vin-nomade i halve verda til han endeleg endte opp i Adelaide Hills med eigen produksjon i 2002… Sjølv i naturvinkrinsar blir Anton von Klopper sett på som eksentrisk – her er det full biodynamisk pakke – nedgravde kuhorn med gjødsel frå … Fortsett Dom. Lucci Vino Rosso 2015

Charles Dufour Bulles de Comptoir #5

I fjor på desse tider, smakte eg vin frå ein for meg ny og ukjend Champagne-bonde. Korleis eg oppdaga han, hugsar eg ikkje. Eg kjøpte ei flaske, likte ho, og ville kjøpe meir. Då var det tomt. No har det kome nye forsyningar til landet, og takka vere storstilt åtgaum om 2015-årgangen i Tyskland og noko amerikansk Pinot Noir, er flaskene frå Charles Dufour enno … Fortsett Charles Dufour Bulles de Comptoir #5

Vin & vinyl

EGGE GÅRD ONE (2015) Bønder spelar kanskje ikkje tennis, men sjampanje lagar dei, sjølv om det ikkje er lov å kalla det for slikt. I Buskerud, nærare bestemt på Egge har garden – mest kjend for jordbær epler og eplesider – stadig utvida sortimentet med diverse brennevin og kritikarrost dessertsider. Og frå 2016 musserande vin laga med sjampanjemetoden. I 2010 bestemte 12. generasjon Egge seg … Fortsett Vin & vinyl