Chassenay d’Arce Confidences Brut 2009

Samvirkelags-sjampanje med stifting i 1952, og etter kvart druebidrag frå 130 småprodusentar rundt Ville-sur-Arce. Dei er forøvrig huset som står bak lavpris-slageren Montaubret.

Côte des Bar – nær Burgund – var lenge den stygge andungen i Champagne, ein stad der druedyrking var ei attåtnæring, der det ikkje fantes berømte vinhus, og det meste av druer vart seld til rikingar i Reims. Tidleg 1900-tal pusha Marne-krefter dei ut av Champagne og inn i Champagne deuxième zone – andreklasses sjampanje. Sjølvsagt vart det bråk, og dei vart hanka inn igjen i 1927. I dag har dei framleis rolla som rebell i konforme Champagne…

Les meir “Chassenay d’Arce Confidences Brut 2009”

God og småskala Champagne

Dei store spelarane i Champagne er husa, og av dei så er det 24 såkalla Les Grandes Marques. Desse står for ein stor del av eksporten, i tillegg til nokre større kooperativ. Men småprodusentane som lagar vin frå eigne druer har kasta om på dynamikken i Champagne. Mange av desse flinke og sterke stemmene har vore viktige i utviklinga av vin frå Champagne, der lokale … Les meir God og småskala Champagne

Bobler frå Balkan

Om nokon ber deg ramsa opp dei store vinlanda i Europa er Romania neppe høgt på lista. Likevel har dei største vindruedyrkearealet i Aust-Europa og snuser på ditto femteplass for heile Europa. I riktig gamle dagar var søte Cotnari meir omtykt enn Tokaji og dei kan i tillegg skryta på seg ei vindrikkande befolkning – få prosent av produksjonen forlèt landet. Elles er nyare vinhistorie det vanlege: hardt råka av phylloxera på slutten av 1800-talet, gjenplanting av populistiske drueslag i staden for dei tradisjonelle.

Les meir “Bobler frå Balkan”

Druenes Herre

Det er ein del ting i verda som fort utløyser snev av imposter syndrome  hjå meg. Blindsmaking, sjølvsagt. Og «Berre finn ein god vin til oss du, Jan Tore». Og så er det quiz-spørsmålet som dukkar opp i nesten kvar einaste vinrelaterte spørjetevling, men som eg ikkje ein gong klarar å pugge meg til å hugse: ‘Kva druer er det lov å bruke i Champagne? (Max 7 poeng).’
Dei tre hovuddruene går sjølvsagt greitt, ditto Pinot Blanc og Pinot Gris-halvbroren. Men så byrjer det å stokka seg – Pinot eller Petit Meslinger, eller kva det no var? Og ei til…

Les meir “Druenes Herre”

Essensen av blomster

Maximin grunnla et munkekloster. Munkeklosteret ble malt grønt. Derfor: Maximin Grünhaus. Heller ikke på 700-tallet – da klosteret ble anlagt – var Maximin et vanlig navn, sier Maximin von Schubert. Maximin er 6. generasjon i familien von Schubert siden 1882. MvS: Vi har en stolt historie som vi skal forpakte. Presshuset og slottet som står på eiendommen stod klar i 1638. Etter at Napoleon nasjonaliserte … Les meir Essensen av blomster

Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

At Luxemburg har føresetnader for å laga vin burde ikkje overraska nokon – i aust kan ein sjå over elva rett til tyske vinmarkar i Mosel. Ved breidda etablerte Jean Bernard-Massard seg i 1921 – i dag produserer dei 4 millionar flasker i året. Ecusson-serien var meint å vera eit eingongsprosjekt til 50-årsjubileumet for vingarden i 1971. Responsen var imidlertid så positiv at vinen framleis … Les meir Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

Charles Dufour Bulles de Comptoir #5

I fjor på desse tider, smakte eg vin frå ein for meg ny og ukjend Champagne-bonde. Korleis eg oppdaga han, hugsar eg ikkje. Eg kjøpte ei flaske, likte ho, og ville kjøpe meir. Då var det tomt. No har det kome nye forsyningar til landet, og takka vere storstilt åtgaum om 2015-årgangen i Tyskland og noko amerikansk Pinot Noir, er flaskene frå Charles Dufour enno … Les meir Charles Dufour Bulles de Comptoir #5