Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014

Ribolla blir omtalt som ei italiensk drue – men truleg kom ho gjennom Slovenia frå Hellas. Ikkje særleg kjend i dag, men desto meir berømt og berykta gjennom historia. Giovanni Boccaccio (han med Decameronen) rekna vinar med ribolla som ei av syndane i fråtse-kategorien, medan Leopold III krevde 100 urner med ribolla-vin i året frå Trieste, og drua vart rekna for å laga den finaste kvite vinen i Friuli. Så kom phylloxera og øydela alt – ved gjenplantinga satsa ein heller på importerte druer som merlot og sauvignon blanc heller enn lokale slag. I kveld lar vi Venezia halda på med sitt og klatrer opp i åsane over grensa til Slovenia.

Les meir “Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014”

VILLA JOB UNTITLED

I am 34 years old and I have decided to make wine for love Alessandro, du legg lista høgt. Du styrter inn i vinverda med mykje sjølvtillit når du døyper vinen din «Untitled», eit kunstverk så unikt at namn ikkje er naudsynt… Antroposofvin, familiegard, biodynamisk drift, manuell hausting, villgjær, spontanfermentert, naturleg stabilisering, økologiske druer, ansatte som klapper små pelsdyr på hovudet med eit venleg ord, … Les meir VILLA JOB UNTITLED