Zweigelt 100 år!

Jaudå, det kan godt vere at framtid tilhøyrer piwis*, men enn så lenge regjerer pinot noir og chardonnay kloden med mjuk hand og smakfull suksess. Verdas mest populære druesortar ligg godt sementert, men innimellom dukkar det opp nokre nykomarar som klarer å bite seg fast. Mine damer og herrar, ta godt imot: zweigelt! Akseptert og elska Zweigelt feirar altså 100 år, og grunnane til eit … Les meir Zweigelt 100 år!

Luke 10: Årets aszú

I dag er det den internasjonale Aszú-dagen! Det er andre året at denne gylne vinen frå aust vert markert, så eg spår ei søt og rolig feiring rundt om i verda. Den vesle byen Tokaj i det nordaustlege hjørnet av Ungarn har gitt namn til vinen frå vinmarker i ly av Zemplén-fjella. Området er fullt av gamle vulkanar, så mange av vinmarkene har rikeleg med … Les meir Luke 10: Årets aszú

Mád Tokaji Furmint 2015

Få stader er så forbunde med ein type vin som Tokaji, aust i Ungarn. For István Szepsy er det likevel ikkje nok å laga magisk dessertvin av druene. I Mád vil han også syna kva den regionale druesorten furmint kan by på i tørr variant utan edelråte. Furmint har overlevd trass dårleg behandling under kommunistungarn. Aukande etterspurnad for tørr vin kombinert med ambisiøse produsentar kan … Les meir Mád Tokaji Furmint 2015

Nagy-Somlói Juhfark 2013

VIN: Nagy-Somlói Juhfark 2013 I vinverda er det ein del druer eg likar å rulle over tunga – ikkje berre i flytande tilstand, men som fonetikk. Sauvignon blanc, til dømes. Eller pinot noir. Det er noko med lydane som gjev meg stor glede. Med juhfark strevar eg litt meir – namnet betyr attpåtil sauehale, antakeleg frå formen på drueklasene. Heldigvis har det ferdige produktet sin … Les meir Nagy-Somlói Juhfark 2013