Ny musikar med vinportefølje – denne gongen medbrakt WSET 2 og to restaurantar i skjeftet. Fredrik Saroea er mest kjend som frontfigur i Datarock, men har også vore med å starta restaurantane Lysverket og Hoggorm i Bergen. I samarbeid med NonDos lanserer han to musserande frå Fleury, dei biodynamiske pionerane i Champagne, samt etikettdesign frå Sissel Blystad og Magnus Voll Mathiassen.

Champagne Fleury Selection Fredrik Saroea Assemblage Brut Nature VMP
Côte des Bar, Champagne. 15 % Chardonnay, 85 % Pinot Noir. Handplukka druer, spontanfermentert i ståltank, modna på dritsvære eikefat. 3 år på botnfallet før degorgering. Sertifisert biodynamisk. Vegansk i følgje Vinmonopol-sida, noko kjepphesten min insisterer på ikkje er mogleg i kombinasjon med biodynamisk jordbruk, men det får bli ein annan artikkel…

Intens bakst-duft frå nyopna flaske. Roar fort ned med nybakt brød og raude eple. Lime og grapefrukt skubbar bakom og tar meir plass med tid i glaset. Svært behagelege duftar.
Kvass lime og slank munnkjensle i anslaget. Vinn raskt fylde og kjennest som å bita i eit saftig, raudt eple i eit midtparti med saltsylta sitron, litt modne kryddertonar etter ei stund. Lang, syrleg avslutning med lime og eit lett grapefruktbittert stikk.

Rein og skummelt lettdrikkeleg sjampanje til ein sekshundre-lapp – fungerte veldig bra til fattigmanns lobster roll med tigerreker.
Men, tenkjer du nok no, kva om ein legg på tre hundre kroner og lanserer ein13 år gamal Chardonnay-sjampanje med 10 år på botnfallet?
Champagne Fleury Selection Fredrik Saroea Blanc de Blancs Brut Nature 2012 VMP

Svært aromatisk, finbakst og tørka fruktmiks saman med sylta sitron og ein limesnert. Behagelege duftar, meir kompleks enn veslebror.
Fyldig, kremete munnkjensle. Midtparti med mykje sitron, litt hasselnøtt, litt smelta smør, litt munntørrande kalk. Heftig Granny Smith-syre i ei lang, lang avslutning.

Seriøs sjampanje, elegant men intens. Sto godt til budsjettoligark-forrett med potetblinis og lakserogn. Der Assemblage er hedonistisk lettdrikkeleg er det meir motstand her, denne krev ein matbit for ikkje å bli for overveldande.
Fredrik Saroea – Rona Diaries/Rona Diaries: The Chamber Versions

Ei slags dobbelplate, men på ein vinyl. Med Datarock i Covid-sideleie i 2021, brukte Fredrik Saroea karantenetida i studio med rytmegitar og dystre tekstar. Resultatet er nedstrippa – men aldri minimalistiske – låtar i tussmørket mellom indierock og melankolsk post-punk.
Når ein snur plata er det lett å høyre at han har sakna å spele for eit levande publikum. Saman med arrangør Bjørn Morten Christophersen og samtidsmusikkrebellane i BIT20 Ensemble er musikken omarrangert med strykekvartett og harpe og har fått eit luftigare preg. Der vokalen i studio periodevis er kjølig og distansert, syng han no som om det står om livet, og vi kjem mykje nærare tekstane.
Det er spanande å få høyre to innspelingar side om side, ekstra gøy når låtane er så interessante at eg snur plata gong på gong.
Kjelder:
https://nondos.no/
https://apollonrecords.no/
https://www.champagne-fleury.fr/