Eg har i alle år trudd at Wien var den einaste hovudstaden som lagde vin, men det syner seg at også Lisboa dyrkar litt druer innanfor bygrensene. I parsellane hjå agronomi-instituttet på Universitetet i Lisboa går Catarina Moreira og David Picard på slang, før dei lagar vin i ein nedlagt bilverkstad i Belém, vest i byen.
Adega Belém Viosinho 2023 Vinmonopolet
Lisboa, Portugal. 100 % Viosinho. Spontanfermentert i ståltank. Lavinterversjon og sånn, ikkje tilsett svovel.
Lime, smågodthylle, nyslått plen og litt søtleg honning. Aromatisk. Enkle, men reine og behagelege duftar.
Friskt anslag. Lubbent midtparti med lime, tropisk nektar og eit urtebittert stikk. Lang avslutning som glir balansert mellom søtleg appelsin og syrlegare lime.
Enkel, men vellaga vin, som var lovde meir i snute enn han gav i svelg. Uansett eit kult prosjekt som smakte godt til mitt første forsøk på å laga (og stava) Francesinha, men vart litt kjedeleg gjennom ei heil flaske…
Andraé Crouch and the Disciples – Take me back
Gudfaren av moderne gospel – i tillegg til å arrangera koringa bak Michael Jackson på Man in the Mirror, og Madonna på Like a Prayer, samt lengre samarbeid med Quincy Jones og filmmusikk til Løvenes Konge og Purpurfargen.
På Take Me Back er vi tilbake i 1975. Sjølv om det er tidleg i karriera står han fram som ein solid låtskrivar og arrangør – samt med musikkhistorias råaste kinnskjegg og gode intensjonar. Her er det heilhjarta gospel beat med reservasjonslaus kjærleik til Jesus i tett harmoni med resten av songarane i The Disciples. For ikkje å snakka om samlinga av instrumentalistar han får leika med.
Her får vi mellom anna David Hungate (Toto) og Wilton Felder (Jazz Crusaders) på bass, Larry Carlton på gitar, og sjølvaste Billy Preston på orgel. Eit tidleg døme på korleis Crouch blanda tradisjonell gospel med soul og lett funk til noko nytt. Smooth, men likevel med nok substans til at eg snur plata gong på gong.
Kjelder:
https://www.adegabelem.com/
Div. Wikipedia